Har du tru på at alle unge menneske kan studere eller få seg ein vanleg jobb?
Askøy ungdom, Nav
- Frist 19.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Ønskjer du å bidra til at unge menneske får moglegheit til å fullføre utdanning eller kome i arbeid? Då kan dette vere jobben for deg.
IPS-ung er individuell jobbstøtte for unge med psykiske lidingar eller samansette utfordringar som ønskjer utdanning eller arbeid. Metoden kombinerer tett oppfølging, behandling og arbeidsretting, med mål om at deltakarane skal få og stå i ordinær utdanning og/eller løna arbeid.
Vi søkjer ein jobbspesialist som skal jobbe etter IPS-metodikken for unge mellom 16 og 24 år, i eit veletablert IPS-team knytt til FACT Ung. Stillinga er eit vikariat for ein medarbeidar i permisjon.
I søknaden ønskjer vi at du skriv kva som motiverer deg, og om du ønskjer å jobbe inn mot FACT Ung Askøy.
NAV Askøy held til i moderne lokale på Askøy, berre ein kort båttur frå Bergen sentrum. Verksemda har rundt 70 tilsette som bidreg til å sikre innbyggjarane økonomisk tryggleik og deltaking i arbeidslivet.
Kva går jobben ut på?
- jobbe etter IPS-metodikk i tett samarbeid med deltakarar, behandlarteam, Nav og studiestader/arbeidsgivarar
- oppsøkje utdanningsinstitusjonar og drive aktiv jobbutvikling hos bedrifter, skape dialog og byggje nettverk
- vere ute i lokalmiljø og ha møte med deltakarar og studiestadar eller arbeidsgivarar
- følgje opp eigen portefølje og identifisere interesser, sterke sider, ferdigheiter og evne, samt matche desse med rett utdanning eller jobb
- rettleie jobbsøkarane i søkjeprosessen
- delta i behandlingsteam og ha eit tett samarbeid med behandlarar
- samhandle med eksterne tenesteytarar dersom deltakar har utfordringar med bustad, sosiale forhold, økonomi, m.m.
- dokumentere arbeidet i fagsystem
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- førarkort kl. B
Det er ein fordel om du har
- erfaring frå å jobbe med unge menneske og utdanning
- kunnskap om utdanningsmoglegheiter og lokalt arbeidsmarknad
- gode samarbeidsevner, servicehaldningar og rettleiingsevne
- erfaring med SE-metodikk eller kjennskap til prinsippa i SE
- erfaring med oppsøkjande kundekontakt og nettverksbygging
Kva ser vi etter hos deg
- evne til å sjå jobbmoglegheiter for alle med tru på at menneske trass i psykiske lidingar eller rusutfordringar kan få og oppretthalde ordinært arbeid, eventuelt via ordinær utdanning
- har gode sosiale evne og evne til å skape tillit hos yngre menneske
- har gjennomføringsevne, er målretta og strukturert
- kan prioritere, ha god oversikt over oppgåver, men samstundes ha evne til å handtere uventa hendingar
- forretningsorientert og profesjonell
Kvifor velje oss
- ein meiningsfull og utfordrande jobb innan eit viktig samfunnsområde
- engasjerte kollegaer i eit inkluderande arbeidsmiljø
- fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
- stillingskode 1434 Rådgivar i lønnsspenn frå kr. 645 000 til 670 000 per år. For særskilt kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast.
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Hilde Solsvik, Metodeleder IPS Ung, 948 90 736, hilde.janie.solsvik@nav.noWaqas Younis, Avdelingsleder Ung og Familie , 48357587, waqas.younis@nav.no
Arbeidsstad
Gamle Kleppestøvegen 25300 Kleppestø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NavReferansenr.: 5072745825
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 28.02.2027
Søknadsfrist: 19.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449658802
- Sist endret