Vernepleier
Askøy kommune
- Frist 15.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Vernepleier
Draumejobb for vernepleiar: fri alle kveldar, helgar og skuleferiar!
Vil du jobbe tett på elevane i landlege omgjevnader, i eit miljø prega av null mobbing og høg trivsel? Då er dette stillinga for deg.
Ved Træet skule søkjer vi no etter ein engasjert vernepleiar som vil vere med på laget vårt. Vi er ein skule med ca. 100 elevar, som ligg idyllisk til med naturen som næraste nabo. Hos oss blir du ein synleg og verdsett del av fellesskapet. Vi inviterer deg inn i eit trygt og oversiktleg miljø der relasjonane er nære, og der din innsats verkeleg betyr noko for heilskapen.
Kvifor velje oss?
Det unike med denne stillinga er komprimert arbeidstid. Det betyr at du jobbar når elevane er på skulen, men har fri alle kveldar, helgar og i alle skuleferiar (haust-, jule-, vinter-, påske- og sommarferie). Dette gir ein fantastisk balanse mellom jobb og fritid!
Vi er stolte av skulen vår:
Naturen som klasserom: Med skogen rett utanfor døra brukar vi omgjevnadene aktivt. Uteskule er ein viktig del av kvardagen vår, noko som gir rom for læring, leik og meistring på andre arenaer enn berre i klasserommet.
Tverrfagleg styrke:
Vi trur at vi blir best saman. Hos oss jobbar vernepleiar, lærarar og fagarbeidarar tett saman i det daglege. Vi verdset kompetansen din og ser på tverrfagleg samarbeid som nøkkelen til god oppfølging.
Elevundersøkinga stadfestar at elevane våre trivst svært godt, og vi har null mobbing.
Fagleg sterkt miljø:
Vi er ein Olweus-sertifisert skule og jobbar systematisk etter LUP (Lærings- og utviklingsstøttande pedagogikk).
Med berre 100 elevar får du høve til å byggje ekte relasjonar og vere tett på. Her forsvinn ingen i mengda.
Godt arbeidsmiljø:
Vi har eit dyktig personale med høg kompetanse som tek vare på kvarandre. Vi ler mykje og er opptekne av at det skal vere godt å kome på jobb
Arbeidsoppgaver
- Sikre ein oversiktlig og trygg skulekvardag for elevar med særskilte behov gjennom struktur og visuelle støttesystem.
- Ivareta medisinsk oppfølging av diabetes type 1, og bruk av tekniske hjelpemiddel i tråd med gitte prosedyrar og opplæring.
- Leggje til rette for meistring, læring og sosial inkludering i klasserommet og i friminutta.
- Jobbe aktivt med inkluderande fellesskap i tråd med LUP og Olweus-programmet.
- Tett samarbeid med føresette, lærarar og interne og eksterne faginstansar.
Kvalifikasjoner
- Ønskeleg med autorisert vernepleiar.
- Søkarar med anna relevant 3-årig helsefagleg- eller pedagogisk høgskuleutdanning kan verte vurderte.
- Erfaring med medisinsk oppfølging eller arbeid med særskilte behov er ein fordel.
- God relasjonskompetanse og evne til å bevare roen i krevande situasjonar.
- Søkarar må meistre norsk munnleg og skriftleg.
- Førarkort klasse B
Det gjøres oppmerksom på at det vil bli krevd politiattest ved ansettelse. Politiattesten skal ikke legges ved søknadspapirene, men fremlegges før tiltredelse
Personlige egenskaper
- Vi leitar etter deg som har mykje å bidra med i eit tverrfagleg team.
- Du må vere punktleg, ha gode samarbeidsferdigheiter, vere påliteleg og ha eit brennande engasjement for utviklinga til elevane.
- Personleg eignaheit vil verte tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull jobb med stor påverknadskraft på skulekvardagen til elevane våre.
- Ein oversiktlig arbeidsbeskrivelse med fri i alle skuleferiar.
- Grundig opplæring og rettleiing i dei spesifikke behova til elevane.
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø på Træet skule, prega av fagleg fokus og gode relasjonar.
- Lønn etter gjeldende avtaleverk
- Gode pensjonsordninge
- Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Godt arbeidsmiljø
Generelle opplysninger
I henhold til offentlighetsloven §25, 2. ledd kan opplysninger om søkeren bli offentliggjort selv om søkeren har anmodet om å ikke bli oppført på søkerlisten. Dersom ønsket ikke etterkommes, vil søkeren bli varslet om dette før søkerliste utarbeides.
Eventuelle vitnemål og attester skal legges inn som vedlegg til søknaden.
FerdigheterAI-generert
- Helsevitenskap
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Raus – interessert – modig - kompetent
Askøy kommune er med våre rundt 30.000 innbyggere og 2000 medarbeidere en av de største kommunene og arbeidsplassene i Vestland fylke. Askøy ligger nordvest for Bergen, og det tar kun 15 minutter å kjøre fra Bergen sentrum til kommunesenteret Kleppestø. Det er også enkelt å reise kollektivt med hurtigbåt eller buss.
Sammen jobber vi for å gi øyens innbyggere et godt bomiljø med gode helse- og velferdstjenester, oppvekst- og utdanningsmuligheter, og kultur- og fritidstilbud.
For at vi skal kunne løse oppgavene våre best mulig trenger vi medarbeidere med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiver. Vi ser på mangfold som en styrke, og oppfordrer alle kvalifiserte kandidater til å søke.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Berlandsvegen 41, 5314 Kjerrgarden
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448663947
- Sist endret

