Sjukepleiar
Kvam legevakt
- Frist 22.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Ønskjer du ein spennande jobb med fagleg utfordring og varierte oppgåver?
Då kan me tilby fast 31,4 % stilling som sjukepleiar. Turnus med arbeid kveld og kvar 3. helg. Stillinga er ledig frå 1. juni 2026 og kan kombinerast med anna stilling i kommunen.
- Kvam legevakt er lokalisert på Toloheimen i Norheimsund og er ein av 3 legevakter i Hardanger og Voss legevaktdistrikt.
- Me arrangerer kurs og øvingar i distriktet, og du må kunne delta i dette arbeidet.
- Kvam legevakt vurderer og behandlar akutt sjukdom og skade i opningstida frå 15:30-23.00 kvardagar og 08-23.00 laurdag, søndag og heilagdagar. Arbeidstida for sjukepleiar er 16.00-23.00 kvardagar, og 08.00-16.00/16.00-23.00 helg/høgtid.
Legevaktsentralen er bemanna av sjukepleiar 08.30-16.00 på kvardagar.
Resten av døgnet 23.00-08.00 helg/høgtid og 23.00- 08.30 vekedager, vert legevakthenvendelsar handtert ved Voss interkommunale legevakt IKL.
- Som sjukepleiar hos oss betjener du funksjonar som mottak av henvendelsar, dokumentasjon, triage, observasjon og tiltak før, under og etter legekonsultasjon. I tillegg besvarar sjukepleiar legevaktsentral og vurderer og iverkset tiltak per telefon. Me samarbeider tverrfagleg med blant anna fastlegar, prehospitale tenester, politi, kriseteam og ulike deler av spesialisthelsetenesta. Legevaktlege er til stades 2 timar på kveld, og 5 timar på helg, og er elles tilgjengeleg via mobil og nødnett. Du må derfor kunna jobba sjølvstendig, då ein er åleina på jobb dei fleste timane av vakta.
Arbeidsoppgåver
Hastegradsvurdera henvendelsar, prioritera og iverksette adekvat handlingBetene legevaktsentralen 116 117, og vurdera henvendelsen i tråd med legevaktindeks og Norsk indeks for medisinsk nødhjelp
Setja opp prioritert liste med pasientar som skal til lege, samt vera legen sin medhjelpar
Ta nødvendige målingar (vitalia) og prøver av pasientane
Arbeid på laboratoriet, skadestue og observasjonsrom
Tverrfagleg samhandling med fastlegar, spesialisthelsetenestene, politi, pårørande, kriseteam og andre instansar
Sikre god dokumentasjon iht lovverk og interne rutinar
Delta på kurs og øvelser som fasilitator/instruktør
Merkantile oppgåver og andre driftsoppgåver
Kvalifikasjonar
Off. godkjent sjukepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning
Minst 2 års klinisk erfaring innan akuttmedisin
God medisinskfaglig kunnskap om problemstillingar i legevakt og kjennskap til bruk av oppslagsverk
Evne til å kommunisere dvs gode norsk kunnskapar, munnleg og skriftleg
Beherske engelsk
Generell datakunnskap
Fordel med erfaring og kompetanse på fagutvikling, fasilitering og praktisk trening
Politiattest er krav ved tilsetting, men skal ikkje sendast ved søknaden
Personlege eigenskapar
Kan vurdera, prioritera og iverksetta ved å lytta, utnytta beslutningsstøtteverktøy og klinisk vurdering, ta raske vurderingar og behalda roen
Jobbar sjølvstendig, løysingsorientert, strukturert og målretta
Vilje til fleksibilitet og endringsvillig
Tileignar deg ny kunnskap, opptatt av kvalitet og er fagleg oppdatert
Gode kommunikasjonsevner
Gode samarbeidsevner og bidrar til eit inkluderande arbeidsmiljø
Ansvarsbevisst og trivst både med sjølvstendige oppgåver og å jobba i team
Trivst med periodevis høgt arbeidstempo
Respekterer pasientar, kollegaer og samarbeidspartnarar
Viser lojalitet for lovverk, reglar, rutinar og avtalar
Har vilje til å setja seg inn i pasienten sitt perspektiv
Vilje til å delta på øvelsar og kurs som fasiliator/intstruktør
Personlege eigenskapar som nemnt, vert lagt stor vekt på
Vi tilbyr
Spennande og varierte arbeidsoppgåverDyktige kollegaer
Godt arbeidsmiljø
Opplæring og relevante kurs (kurs i akuttmedisin, kurs i vald og overgrep, kurs i nødnett og bruk av kontrollrom)
Fagleg oppdatering og seminar
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande regulativ og lokalt lønnssystem
Rekrutteringstillegg for sjukepleiar kr 40 000,- pr år i heiltidsstilling (forhaldsmessig ved deltid)
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak
- Godkjent politiattest må framleggas før oppstart
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Kari Svellingen Nygård, Leiar Kvam legevakt, 971 10 289Arbeidsstad
Nedre Norheim 445600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 5072384053
Stillingsprosent: 31,4%
Fast
Startdato: 01.06.2026
Søknadsfrist: 22.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449635289
- Sist endret