Miljøterapeut
Tolomarka omsorg og avlastning
- Frist 22.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du bli vår nye kollega i Tolomarka omsorg og avlastning?
- Miljøterapeut i 60 % vikariat frå april 2026 og ut desember 2027.
Krav om høgskuleutdanning som vernepleiar, sjukepleiar eller annan sosialfagleg utdanning. Vikariatet er i turnus som i hovudsak inneheld 2 døgnvakter i vekedagane med ei veke fri mellom. Det er moglegheit for større stilling ved å jobbe helg ved ferieavvikling/sjukefråver. Arbeidet er for tida med oppfølging av brukar i bufellesskapdelen. Du vil jobba tett saman med ein annan tilsett.
- Vikarar til kortare vikariat
Me søkjer også etter andre trygge vaksne personar som kan vera interessert i kortare vikariat, og som kan jobbe i sommarferien frå veke 25 -32. Høgskuleutdanning er ei føremon, men personleg eigenskaper vert tillagt stor vekt.
Me yter tenester til menneske med utviklingshemming og er eit bufellesskap for vaksne og ein avlastningsavdeling for barn. Vårt fokus er å skapa ein aktiv og meiningsfylt kvardag basert på brukarane sine individuelle behov. Som tilsett hos oss vil du få eit variert arbeid der du er tett saman med brukar på ulike arenaer. Mykje av arbeidet vårt foregår i team.
Er du ein god lagspelar som ser løysningar og mogelegheiter? Då er det deg me ser etter!
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av brukar sitt behov for hjelp og omsorg i dagleglivet
- Miljøterapi
- Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat
- Medisinhåndtering
Kvalifikasjonar
Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement
- Autorisert vernepleiar, sjukepleiar eller annan sosialfagleg høgskulekompetanse
- Ha erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming
- Vera ein solid fagperson som bidreg til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø
- Vera trygg på deg sjølv i situasjonar som kan endra seg raskt, og som kan utvikla seg til utagering.
- Det er ynskjeleg at du har kurs iht å meistra utfordrande åtferd. (MAP-kurs eller tilsvarande.)
- Kjennskap til lovverket i helse og omsorgstenestelova kap. 9.
- Du må vera i god fysisk form
- Førarkort klasse B
- God skriftleg framstillingsevne og kommuniserer tydeleg språkleg
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (tilsvarande B1)
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest av ny dato før tiltreding, jf. helse og omsorgstjenestelova § 5-4 og helsepersonellova § 20a. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Personlege eigenskapar
- Lojal og tolmodig
- Trygg på deg sjølv og med gode relasjonsevner
- Trivst med ein travel kvardag der situasjonar kan endra seg raskt
- Ha ei genuin interesse for fagfeltet
- Kunna jobba sjølvstendig, men også vera god på teamarbeid
Me tilbyr
- Spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt og inkluderande fagmiljø med vekt på utvikling
- Tid til fagleg refleksjon og rettleiing
- Leiarar som ser heilskap
- Tverrfagleg samarbeid
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Som vernepleiar/sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak.
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Lars Kristian Skår, Gruppeleiar Tolomarka omsorg og avlastning, +47 970 79 638Arbeidsstad
Furuflaten 45600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 5043388166
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 01.04.2026
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 22.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449618982
- Sist endret

