Helsefagarbeidar
Seljetunet omsorg og rehabilitering, Stad kommune
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Seljetunet har ledig faste stillingar for helsefagarbeidar:
3 x 100 % fast stilling, Om du ynskjer lavare stillingsprosent kan vi legge tilrette for det.
Seljetunet utfører tenester til bebuarar i institusjon og bufelleskap. Seljetunet har totalt 47 plassar der 31 rom er for langtidsopphald i institusjon og 16 bemanna omsorgsbustadar. Vi har tre avdelingar for langtidsopphald, der den eine avdelinga er spesielt tilpassa bebuarar med behov for skjerming i kvardagen. I tillegg har eininga avlastingsopphald og korttidsopphald. Seljetunet har eige institusjonskjøkken.
Stillingane har tredelt turnus med nattevakter som er i samarbeid med heimetenesta, der vi bistår med hjelp etter behov i bufellesskap og i heimen.
Det er arbeid kvar 3. helg og det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon. Det vert nytta årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i høve planlegging av arbeidstid .10% av stillinga kan vere frie timar som ikkje er planlagt i turnus og du kan ta vakter når det passar for deg.
Som tilsett på Seljetunet vil du få ansvarsfulle faglege oppgåver, du vil kunne utvikle deg og få påverke. Vi søkjer deg som er innovativ, jobbar for kontinuerleg forbetring, og som kan bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga.
Er du i sluttfasen av lærlingtida eller ynskjer å ta fagbrev på jobb? Start gjerne di utvikling som helsefagarbeider hos oss!
Arbeidsoppgåver
- Utføre pasientretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
- Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinjer
- Samarbeid med pårørande
- Tverrfagleg samarbeid
- Rettleie lærlingar, medarbeidarar og andre
Det vil bli lagt til rette for god opplæring ved oppstart
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjend helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
- Er du lærling oppfordrar vi deg til å søkje
- Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Aktuelle kandidatar må ha førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
- Tek initiativ og ansvar
- Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Bidrar aktiv til eit godt arbeidsmiljø
- Fokus på etikk
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område kommunen har behov for
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Årsturnus der 10% av stillinga kan vere frie timar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Flyttegodgjersle
Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga.
Stad kommune har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Stine Silden, avdelingsleiar Seljetunet, 98482449, stine.fylling@stad.kommune.noHeidi Munch Starheim, einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no
Arbeidsstad
6740 Selje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5072347884
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449430997
- Sist endret
