Konsulent
Førde BUP, Helse Førde
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Førde BUP har ledig årsvikariat i 100% stilling som konsulent med oppstart 01.05.2026.
Avdeling for psykisk helsevern for barn og unge består av fire seksjonar: ein sengepost og tre poliklinikkar. Førde BUP dekker ei barnebefolkning på ca. 12.200, fordelt på 8 kommunar.
Vi har spesialistar i alle profesjonar og fagstillingar, mange med lang fartstid og erfaring innan feltet. Vi held eit godt fagleg nivå og har oppdatert kunnskap og behandlingskompetanse på dei fleste kliniske område.
Det er gode rutinar for fagleg utvikling, som kurs, fagdagar og relevant vidareutdanning.
Arbeidsoppgåver
- Administrativ støtte for seksjonsleiar
- Arbeidsoppgåver vil t.d. vere sakshandsaming i forskjellige system som Elements, GAT, Agresso, Dips, Libra
- Praktisk oppfølging av nytilsette
- Utvikling- og kvalitetsarbeid
- Brukarstøttefunksjon for dei tilsette i høve system og teknisk utstyr
- Samarbeide tett med sekretær ved BUP
- Samarbeid med konsulentane ved dei andre seksjonane i PBU
Kvalifikasjonar
- Utdanning på bachlernivå innan helse eller økonomi/administrasjon, eller anna relevant erfaring
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- God systemforståelse
- Gode IT-kunnskapar
- Kunnskap om ulike fagsystem
Personlege eigenskapar
- Du har gode evner til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Du tilpassar deg lett, og er løysningsorientert og fleksibel
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Det blir lagt vesentleg vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons-og forsikringsordningar
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Varierte arbeidsoppgåver
- Høve til personleg og fagleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hildegunn Knapstad Fauske, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 207Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5070295479
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.05.2026
Sluttdato: 30.04.2027
Søknadsfrist: 01.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449376952
- Sist endret

