
Tilkalling/sommarvikarar
Bufetat
- Frist 02.03.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du byggje ettertrakta arbeidserfaring, lære meir om ungdom og utvikle relasjonskompetansen din?
Vil du hjelpe ungdom til å få et rusfritt liv? Bli tilkallingsvikar hos oss og sikre deg samstundes ei spennande sommarjobb.
Det er en krevande jobb, den er ikkje for alle. Men er du fagleg utforskande, likar høg aktivitet og store variasjonar i arbeidskvardagen, kan dette være jobben for deg.
Bjørgvin ungdomssenter har to avdelingar som er lokalisert på Bønes i Bergen kommune. Vi tilbyr rusbehandling for ungdom mellom 13 og 18 år etter behandlingsmetoden Læringsbasert rusbehandling (LBR). Vi arbeidar med ungdom med alvorlege åtferdsvanskar og vedvarande rusproblem, og målet vårt er å gje dei verktøya dei treng for å meistre kvardagen utan rus.
Hos oss står samarbeid og relasjonar i sentrum – både med ungdommen sjølv og det naturlege nettverket deira. Vi legg stor vekt på å involvera foreldre og andre viktige personar for å støtte ungdommen i endringsprosessen.
Behandlingen byggar på læringsteoretiske prinsipp, kognitiv atferdsterapi og sosialøkologisk teori. Vårt arbeid handlar om å hjelpe ungdom til å utvikle ferdigheitar som gjer dem i stand til å handtere situasjonar som tidligare har ført til rusbruk.
Vi har nå ledige stillingar som tilkallingsvikarar på begge våre avdelingar.
Som tilkallingsvikar hos oss, vil du kunne jobbe både dag, kveld og natt. Eit tilkallingsvikariat kan være ein fleksibel løysning for deg som ønskjer å jobbe variert, både opp mot arbeidstid og mengde. Vi har særskilt behov for deg som kan jobbe natt. Det er også ein fordel om du har moglegheit til å jobbe i sommar.
Det kan også bli ledig vikariat ved avdelingene. Vikariata kan ha ulik storleik og varigheit, med moglegheit for forlenging. Søkjarar som også er interessert i vikariat blir oppmoda om å opplyse om dette i søknaden.
Søknadar vil bli fortløpande behandla og aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Søkarar som ikkje har kvalifikasjonar i tråd med krav, vil ikkje bli vurdert.
Dette vil du få jobbe med:
Kvar ungdom har ein individuell handlingsplan basert på behovet til den enkelte. Oppgåva di som tilkallingsvikar er å stå stødig saman med fast personal i oppfølginga av ungdom. Dette kan til dømes innebera oppfølging av skule, helse, fritidsaktivitetar og husarbeid. Jobben inneber også oppfølging av ungdommane og uttrykka dei kjem med. Konfliktsituasjonar, grensesetting, motivering og utfordrande samtalar kan også bli ein del av arbeidskvardagen din. Dokumentasjon av arbeidet er ein viktig del av arbeidet. Oppfyller du kvalifikasjonskrava og synest jobben verkar spennande, ønskjer vi å høyre frå deg!
Kvalifikasjonar
- Du har fullført høgskoleutdanning med minimum 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi kan og vurderast.
- Studentar på relevant høgskulenivå innanfor godkjend helse- og sosialfaglig utdanning kan vere aktuelle.
- Kandidatar utan bachelorgrad, men med dokumentert fleirårig erfaring frå barnevernsinstitusjon kan vurderast.
- Det er en fordel med kjennskap til det teoretiske grunnlaget til behandlingsmetoden (læringsteori og kognitiv åtferdsterapi).
- Førarkort klasse B er naudsynt.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
- Det er ønskjeleg at du har kjennskap til Barnevernsloven.
- Det er ønskjeleg at du har kjennskap til traumebevisst omsorg.
- Det er ønskjeleg med institusjonserfaring iht. målgruppe og frå barnevern eller psykiatri.
Bjørgvin ungdomssenter tilstrebar lik kjønnsbalanse mellom kvinner og menn. Dette med bakgrunn i eit balansert arbeidsmiljø, og gitte føringar i Barnevernslova. Dette kan vere avgjerande ved val av kandidatar til intervju.
Personlege eigenskapar
Du må:
- motiverast av ansvar, arbeide sjølvstendig, vere trygg i vaksenrolla og kunne romme ungdomane og deira behov
- ha evne til å etablere gode relasjonar
- ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- være fleksibel og trivast med store utfordringar og ha evne til hurtig omstilling
- ha evne til å la deg engasjere, og kan engasjere og motivere andre
- vere løysingsfokusert, metodelojal og trygg i krevjande situasjonar
- ha evne til romsligheit, fleksibilitet og sjølvstende
- ha punktligheit og evne til å arbeide strukturert og metodisk
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 615 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 – 670 000 pr. år.
- For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 520 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 434 500 – 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit om tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
I tillegg kan vi tilby:
- Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
- Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod.
Opplysningar til deg som søker
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Bjørgvin ungdomssenter.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Ber også om at du legger inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.
FerdigheterAI-generert
- Dokumentering og registrering av informasjon
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 6
- Sted: Bønesstølen 13, 5154 Bønes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Barnevern, Institusjon, Turnus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449356017
- Sist endret

