Studentrådgjevar
Studentsamskipnaden på Vestlandet - Sammen
- Frist 20.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vi har ledig vikariat som studentrådgjevar ved Sammen Psykisk Helse (SPH), Sogndal fra 01.06.26 – 01.04.27. SPH er del av Sammen Velferd og har hovudkontor og leiing i Bergen. Arbeidsstad er Campus Sogndal.
Ei sentral oppgåve for denne stilling er rettleiing og oppfølging av studentar. Vidare må det påreknast arbeid med kurs og førebyggande verksemd, samt å vere kontaktperson ut mot våre mange samarbeidspartnarar.
Lønnsspenn frå 630.000- 690.000.
Sammen Psykisk Helse har som hovudoppgåve å bidra til at studentar har god helse, trivsel og opplever meistring av studiet. Dette blir gjort gjennom individuelle samtalar og ulike grupper, tilbod om kurs og seminar. Tilbodet til studentane omfattar psykisk helsehjelp og rådgjeving som skal ha fokus på førebygging i samarbeid med utdanningsinstitusjonane. Tenesta er eit lågterskeltilbod og har som mål å møte studentar sitt behov for kontakt og hjelp utan lang ventetid.
Det krevst ikkje at kandidaten har fordjuping innan spesifikke områder, men det vert forventa god breidde i interesse og kompetansefelt.
Arbeidsoppgåver
- Individuell rettleiing og oppfølging av studentar
- Halde føredrag/kurs for studentar innan psykisk helse og studiemeistring
- Bidra i vidareutvikling av tenesta
- Halde tett dialog med samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar som vert vektlagd
- Relevant høgare utdanning
- Erfaring som rådgjevar/ rettleiar
- Erfaring som formidlar og kurshaldar
- Kjennskap til høgare utdanning
- Interesse for digitalisering og bruk av digitale verktøy
Personlege eigenskapar
- Gode kontaktskapande evner
- Glad i å omgå andre menneske
- Strukturert og sjølvstendig
- Gode samarbeid -og kommunikasjonsevner
- God munnleg og skriftleg kommunikasjon
- Trygg og roleg i pressa situasjonar
Vi tilbyr
- Betalte fridagar mellom jul og nyttår og i påsken
- Gode forsikringsordningar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449218104
- Sist endret


