Sommarvikariat medisinstudent med lisens - oftalmologi
Augeavdeling, Helse Førde
- Frist 16.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Augeavdelinga ved Førde sentralsjukehus har ledig sommarvikariat for medisinstudent med lisens. Arbeidsperiode: 15.06.2026 - 16.08.2026.
Vi søkjer medisinstudent med lisens som har interesse for, og gjerne erfaring frå, oftalmologi. Stillinga er leidig grunna sommaravvikling.
Augeavdelinga har 9 legestillingar (derav 4 LIS), optikar og sjukepleiarar. Vi har høg poliklinisk aktivitet innan alle delar av augefaget, i tillegg til betydeleg kirurgisk aktivitet.
Vi har engasjerte og dyktige medarbeidarar, og eit godt arbeidsmiljø.
Vi ber om at søkjar opplyser dersom det er ønskje om ferie i løpet av perioden.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga inneber arbeid som LIS 2/3 ved augeavdeling/poliklinikk
- Poliklinikken har eige operasjonsavsnitt med 2 operasjonsstover. Her vert all kirurgi innan augefaget i Helse Førde utført
- I tillegg er det vanleg oftalmologisk poliklinisk aktivitet
- Ein vil måtte ta del i vaktordning p.t. 4-delt heimevakt
Kvalifikasjonar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Medisinstudent med lisens
- Utdanningsretning: Medisin
- Utdanningsnivå: Høgskule/universitet, hovudfag/mastergrad
Personlege eigenskapar
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp
verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning
frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og
kompetanse
Kontaktinformasjon
Andreas Dahl, Avdelingssjef, (+47) 578 39 148Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5072992485
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 15.06.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 16.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448698572
- Sist endret
