Faste stillingar for sjukepleiarar
Kreft poliklinikk, Helse Førde
- Frist 16.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Kreftpoliklinikken ved Førde sentralsjukehus har to ledige stillingar som kreftsjukepleiar (90% og 30% stilling).
Vi søkjer kreftsjukepleiarar med erfaring innan medikamentell kreftbehandling.
Vår faste A-vakt (ansvarsvakt) går av med pensjon, og vi lyser derfor ut ei 90% stilling der ein har ansvarsvakter annakvar veke. I tillegg har vi ei 30% stilling som kan kombinerast med arbeid på kreftsengeposten.
Kreftavdelinga (Avdeling for kreft, blodsjukdomar og lindrande behandling) består av sengepost, poliklinikk og palliativt team. På kreftpoliklinikken gir vi medikamentell kreftbehandling , som til dømes cellegift, immunterapi og ulike infusjonar.
Ber om at det blir opplyst i søknaden kva stilling ein søkjer, eventuelt om begge stillingane er aktuelle.
Arbeidsoppgåver
- Rolla som A-vakt (ansvarsvakt) er eit bindeledd mellom apotek, sekretær og legar. Målet er å prioritere og organisere sjukepleieressursane i det daglege pasientretta arbeidet i kreftpoliklinikken.
- Administrering og oppfølging av medikamentell kreftbehandling
- Pleie og behandling til pasientar med kreft og blodsjukdomar og til pasientar som treng lindrande behandling
- Tilbodet i avdelinga skal også inkludere nære pårørande/familie
- Tverrfagleg samarbeid og samarbeid med kommunehelsetenesta vert vektlagt
Kvalifikasjonar
- Autoritasjon som sjukepleiar samt videreutdanning i kreftsjukepleie
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Vi vil gjerne ha ein medarbeider som har høg arbeidskapasitet, er fleksibel og har gode evner til samarbeid og kommunikasjon, men som også kan jobbe sjølvstendig
- Interessert i fagleg utvikling og er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet.
Kompetanse, inkludert personlege eigenskapar og erfaring vert vektlagt
Vi tilbyr
- Du vil møte ei fagleg utfordrande avdeling
- Kreftavdelinga har mål om høg fagleg kvalitet, med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Godt arbeidsmiljø og kjekke kollega
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Monika Staberg Sunde, Seksjonsleiar, (+47) 959 49 287Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5072704536
Stillingsprosent: 90, 30%
Fast
Startdato: 04.05.2026
Søknadsfrist: 16.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448694620
- Sist endret
