Gartnar
Vossabia AS
- Frist 17.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Gartnar med hjarta for natur, dyrking og formidling
Ei personleg helsing
Eg starta Vossabia med eit sterkt ønske om å skape noko ekte – noko som hadde røter i naturen, i jorda og i respekt for råvarene me arbeider med, fundamentert i ein filosofi omkring heilskapleg helse, kretsløp og mangfald. For meg har det alltid vore viktig å kjenne samanhengen mellom planten som veks, mennesket som steller den, og produktet som til slutt hamnar i hendene på nokon.
No ønsker eg å invitere ein gartnar inn i dette arbeidet – ein som vil vere med å forme og ta vare på landskapet rundt Vossabia på Væte. Ein som finn glede i å dyrke, følge og forstå plantane, og som vil vere med å utvikle både staden, råvarene og historia me fortel vidare.
Dette er ikkje berre ei stilling – det er eit samarbeid. Eit langsiktig arbeid der me saman kan bygge noko levande, berekraftig og meiningsfullt, i takt med naturen og årstidene.
Eg ser fram til å bli kjend med deg.
Renate Lunde
Grunnleggar og eigar, Vossabia
Vossabia er eit norsk, familieeigd selskap som utviklar og produserer naturlege og økologiske hud- og hårpleieprodukt – med røter i naturen og respekt for råvarene. No ønskjer me å styrke laget med ein gartnar som vil vere med å vidareutvikle områda rundt fasilitetane våre på Væte, og sikre ei endå tettare kopling mellom natur, dyrking og ferdige produkt.
Dette er ei unik moglegheit for deg som vil arbeide heilskapleg med planting, dyrking, hausting, opparbeiding og vedlikehald, og samstundes bidra til kunnskapsdeling, formidling og inspirasjon.
Om stillinga
Som gartnar i Vossabia får du ansvar for å:
Planlegge, etablere og vidareutvikle grøne område rundt fasilitetane til Vossabia
Dyrke, hauste og klargjere plantar og råvarer til bruk i Vossabia sine produkt
Sikre god, berekraftig og kortreist tilgang på råvarer av høg kvalitet
Vedlikehalde og vidareutvikle uteområde, hagar og dyrkingsareal
Bidra til utvikling av inspirasjonsstiar og grøne møteplassar
Delta i og legge til rette for kurs, omvisingar og generell deling av kunnskap og erfaringar
Du vil arbeide tett saman med Renate Lunde, grunnleggar og eigar av Vossabia, og vere ein viktig del av den vidare utviklinga av både staden, råvaregrunnlaget og historia rundt produkta våre.
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som:
Har utdanning og/eller solid erfaring innan gartnarfaget, hagebruk, økologisk dyrking eller tilsvarande
Har praktisk sans og likar å arbeide ute gjennom heile sesongen
Har interesse for plantar, natur, økologi og berekraftige løysingar
Trivst med både sjølvstendig arbeid og tett samarbeid
Har evne og lyst til å dele kunnskap – anten gjennom formidling, kurs eller uformelle møte
Er strukturert, nysgjerrig og utviklingsorientert
Erfaring med medisinske plantar, urter eller råvarer til kosmetikk er ein fordel, men ikkje eit krav.
Kva tilbyr me?
Ei meiningsfull og variert stilling i eit verdibasert selskap
Moglegheit til å forme og utvikle grøne område frå idé til ferdig uttrykk
Tett samarbeid med grunnleggar og korte avgjerdsvegar
Eit inkluderande, engasjert og lite fagmiljø med stor lidenskap
Arbeidsplass i vakre omgjevnader på Væte, med naturen tett på
Stillinga kan tilpassast både heiltid eller deltid etter kompetanse og ønske. Løn etter avtale.
Søknad
Send ei kort søknad og CV, og fortel oss:
Kven du er
Kva som motiverer deg
Korleis du ser føre deg å bidra til den vidare utviklinga av Vossabia
Me er meir opptekne av engasjement, kompetanse og verdiar enn av perfekte titlar.
Dersom du har spørsmål om stillinga, kan du kontakte Dagleg leiar Kjell Morten Brendøy på 915 68 975. Legg gjerne att ei melding dersom eg er oppteken og ikkje kan svare med ein gong, så ringer eg deg tilbake så snart som mogleg.
Ferdigheter
- Erfaring fra beplantning (plen, blomster, trær osv.)
- Gartnerarbeid
- Hagebruk
- Økologi
- Servicearbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Heilt sidan 2004 har Vossabia nytta gardens naturmangfald til hudpleie, mat og drikkeprodukt – bier, folk og natur i nært samspel. Men også lenge før Renate tok over var heilskap og naturmangfald i høgsetet. Oldefar Brynjulv dreiv som heradsgartnar og bonde, og oldemor Guri nytta urtene i mat, drikke og helse. Vossabia er stolt over å bringe familiegarden vidare med fokus på mat, helse og naturbruk.
Heilskap, helse og natur altså! Det er ikkje berre det me et som påverkar helsa, men og det me tek på hud og i hår, då det meste går rett i blodstraum og såleis påverkar heile oss. SÅ; Vossabia vil ”mate” huden, håret og dermed kroppen vår med KUN sunne, helserike naturlege næringsstoff. Mat utanfrå-inn. Slik kjem den raske effekten på alt frå kviser og sår, til psoriasis og eksem, eller utslett og kløe, vondt og verk og mykje anna for å dekke familiens behov på heilt naturleg vis.
Me driv økologisk, og tek nøye vare på naturmangfaldet over og under jorda, og er superstolte over alle ville vekstar som sprett opp på garden kvart år. Over 160 arter er registrert på våre gamle slåtteenger, som blir til mat og medisin for insekt, for kalvar og kviger, og me bruker det til mat, drikke, hud- og hårpleie. Herleg multibruk av naturengene, synest me! Og biene våre pollinerer og produserer bivoks og honning. Me sikrar oss slik også at vår produksjon ikkje berre tek vare på helse og natur, men og miljø og etiske problemstillingar me bryr oss om.
Alt er nøye gjennomtenkt og utvikla med kunnskap og kompetanse om helse og natur, høg kvalitet i alle ledd, skånsamt handlaga, med råvarer frå garden, ville vekster frå Hardangervidda og elles frå anna økologisk landbruk. Me håpar du kjenner forskjellen dette utgjer!
- Sektor: Privat
- Sted: Vætesvegen 92, 5708 Voss
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Industri og produksjon, Jordbruk og skogbruk, Velvære
- Stillingsfunksjon: Anleggsgartner
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
gartnar, natur, dyrking, økologisk, bærekraftig
(1/7)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448669664
- Sist endret