Sjukepleiar - 80 % fast - Tysnes omsorgssenter
Tysnes kommune
- Frist 22.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Tysnes kommune søker etter ein engasjert sjukepleiar i fast 80% stilling ved Tysnes omsorgssenter. Stillinga er knytta til avdeling Fjorden/dagsenteret, men den som vert tilsett må pårekne å arbeide i alle avdelingar etter behov. Stillinga inneber arbeid på dag- og kveldstid, med arbeid i snitt kvar 3. helg.
Hos oss står personsentrert omsorg i sentrum, og me arbeider målretta for å skapa ein meiningsfull og trygg kvardag for brukarane våre. Du blir ein del av eit team som har tett samarbeid med dagsenteret for å gje best mogleg omsorg til personar med demenssjukdom.
Tysnes omsorgssenter held til i moderne og trivelege lokale i eit bygg som stod ferdig i 2017. Her er det 30 institusjonsplassar, inkludert plassar for korttidsopphald, rehabilitering og langtidsopphald.
Senteret har ei eiga avdeling tilrettelagt for personar med demens, samt eit dagsenter som gir heimebuande med demenssjukdom høve til sosialt fellesskap og varierte aktivitetar. I tillegg har omsorgssenteret ein KAD-plass (kommunal akutt døgnplass), der det blir gitt augeblikkeleg helsehjelp som eit alternativ til innlegging på sjukehus.
Heimetenesta er lokalisert i samme bygg, og me har eit tett samarbeid for å sikre gode tenester og eit heilskapleg pasientforløp.
Arbeidsoppgåver
- Heilskapleg ansvar for pleie- og omsorg relatert til bebuarane
- Sjukepleiarfaglege oppgåver og vurderingar
- Miljøarbeid og utvikla ADL-ferdigheiter
- Lage og følgje opp pleieplanar og prosedyrar
- Deltaking i gruppemøter, dagleg rapportering og ulike fagmøter
- Rettleiing av personalet og tverrfagleg samarbeid
- Pårørandesamarbeid
- Dokumentasjon i CosDoc
Kvalifikasjonskrav
Me ser etter deg som:
- Har norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Har interesse for og gjerne erfaring med demensomsorg
- Har førarkort klasse B
- Har tverrfagleg forståing - saman yt me best tenester
- Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Har gode grunnleggjande datakunnskapar
Ved tilsetjing må politiattest leggjast fram, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Utfylling av eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose er påkrevd.
Personlege eigenskapar
- Du ser verdien av ei heilskapleg og personsentrert omsorg, og fordelar med aktivitet og mobilisering av brukarane sine ressursar.
- Du brenn for faget, tek ansvar og arbeidar målretta med pasientplanar, og oppfølginga av desse.
- Du er vennleg og tillitsvekkande, fleksibel, viser initiativ, og er delaktig i utviklinga for godt pasientarbeid og arbeidsmiljø.
- Du har pågangsmot, har løysingsfokus og gode samarbeidsevner.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Kvifor skal du jobba hos oss?
Hos oss blir du del av ei fagleg sterk og stabil personalgruppe som tek godt vare på kvarandre. Du får god opplæring, ein variert arbeidskvardag og høve til å utvikla deg i eit miljø der samarbeid og trivsel står høgt.
Me tilbyr årsturnus som sikrar god balanse mellom jobb og fritid. Turnusen er todelt, med arbeid kvar tredje helg i snitt.
Du får høve til kursing og kompetanseheving innan demensomsorg. Tysnes kommune satsar på helsefremjande arbeidsplassar og høg kvalitet i eldreomsorga – og du blir ein viktig del av dette arbeidet.
Stillinga er som sjukepleiar, med lønsplassering i kapittel 4 (0–16 års ansiennitet). Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar, og enkelte år òg lokalt.
Som tilsett får du medlemskap i KLP, med ei av dei beste pensjonsordningane i landet og moglegheit for bustadlån på gode vilkår.
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen.
For at søknaden din skal bli vurdert ber me deg legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, i form av vitnemål og tenestebevis/arbeidsattester.
Informasjon til søkar
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448659937
- Sist endret