Logoped
Stad kommune
- Frist 25.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Ønskjer du deg ein spennande, interessant og viktig jobb? Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som logoped frå 01.08.2026.
Stillinga er ein del av det pedagogiske ressursteamet, med tenestestad i barnehagane i Stad kommune. Ved endra tenestebehov kan arbeidsoppgåver i grunnskulane bli aktuelle.Stad kommune har til saman seks kommunale barnehagar. Desse er av ulik storleik og ligg geografisk spreidde i kommunen.
Du finn meir informasjon om dei kommunale barnehagane i Stad her.
Styrar ved Gjerdane barnehage er næraste leiar.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre dagleg oppfølging og opplæring av barn med særskilde behov
- Arbeide systematisk og målretta med pedagogisk utviklingsarbeid
- Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
- Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- Mastergrad i logopedi, gjerne i kombinasjon med barnehagelærarutdanning
- Formell kompetanse eller realkompetanse innan alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) er ønskjeleg
- Førarkort klasse B, og disponering av bil
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. I Stad kommune nyttar vi nynorsk som målform og kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon.
Søkjarar med anna spesialpedagogisk utdanning kan bli vurdert for mellombels tilsetjing som pedagog dersom vi ikkje får rekruttert kvalifisert logoped.
Arbeidsgjevar kan leggje til rette for utdanning som logoped.
Personlege eigenskapar
- Du tek initiativ, har gode samarbeidsevner og kan jobbe sjølvstendig
- Du kan syne til stabilitet og kontinuitet over tid
- Du har evne til å sjå det enkelte barnet
- Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
- Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn
Vi tilbyr
- Ein spennande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referansar.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med styrar i Gjerdane barnehage: Tove Hanebrekke Starheimsvik.
Kontaktinformasjon
Tove Hanebrekke Starheimsvik, styrar Gjerdane barnehage, 95 21 58 29, tove.hanebrekke.starheimsvik@stad.kommune.noArbeidsstad
Fossevegen 26770 NORDFJORDEID
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5069833734
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448649567
- Sist endret
