Seniorrådgivar/spesialrådgivar til Internasjonal avdeling
Statsministerens kontor
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Ønskjer du å jobbe med sikkerheitspolitiske spørsmål hos Statsministerens kontor?
Internasjonal avdeling gir råd til statsministeren i utanriks- og sikkerheitspolitiske saker. Avdelinga har ansvar for å førebu og leggje til rette for statsministerens internasjonale verksemd, besøk og deltaking på internasjonale møter og konferansar. Arbeidet skjer i nært samarbeid med departementsfellesskapet og utanriksstasjonane.
Om stillinga
På grunn av den sikkerheitspolitiske situasjonen og at stadig fleire internasjonale saker vert handtert på regjeringsnivå, utvidar vi no kapasiteten i Internasjonal avdeling på Statsministerens kontor med ei ny stilling innan sikkerheitspolitiske spørsmål.
Stillinga inngår i eit team på sju medarbeidarar leia av ekspedisjonssjefen i avdelinga. Avdelinga støtter statsministeren og den politiske leiinga ved kontoret i internasjonale spørsmål. Det er tett samarbeid med dei andre einingane på kontoret i oppgåveløysinga, og tett kontakt med andre departement. Stillinga inneber ein del reiseverksemd og det vil i periodar vere arbeid utanfor normal arbeidstid når oppgåvene krev det.
Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:
- Oppdateringar og støtte i førebuing av internasjonale saker til regjeringa
- Analyse av viktige utviklingstrekk og utarbeiding av norske posisjonar
- Førebuing og gjennomføring av reiser og innkomande besøk
Kvalifikasjonar
For å kvalifisere for stillinga må du ha
relevant høgare utdanning på mastergradsnivå
minst 5 års relevant arbeidserfaring
god forvaltingskompetanse og god kunnskap om politiske prosessar
arbeidserfaring frå departementa med arbeid opp mot politisk leiing
brei erfaring frå og innsikt i internasjonale politiske spørsmål, inkludert erfaring med sikkerheitspolitiske saker
erfaring med internasjonalt samarbeid mellom styresmakter, inkludert erfaring frå ein norsk utanriksstasjon eller frå ein internasjonal organisasjon
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Det er også ein fordel om du har
erfaring med utarbeiding av talar og innlegg
andre språkkunnskapar
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som kan framstille komplekse saker kort og presist. Arbeidsoppgåvene krev stor arbeidskapasitet, at du er nøyaktig og har evne til rask analyse og arbeid med materiale under tidspress. Du må ha god rolleforståing og evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar både internt og eksternt. I tillegg er det viktig at du:
- har gode analytiske ferdigheiter og strategiske evner
- har god vurderingsevne
- er sjølvstendig, fleksibel og evnar å ta initiativ
For å kvalifisere for tittel spesialrådgivar må du i tillegg ha evne til å utarbeide eigne analysar av komplekse problemstillingar på tvers av fagfelt. Du må også ha evne til å rettleie og koordinere kollegaer og leiarar i departementa og underlagte etatar i løpande saker eller prosjekt.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Praktisk informasjon
Stillinga har stillingskode 1364 seniorrådgivar eller 1220 spesialrådgivar. Løn blir fastsett individuelt og vil ligge i spennet frå 750 000 til 1 000 000 kroner og betalt overtid. For spesielt kvalifiserte kandidatar kan høgare løn vere aktuelt. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Du må kunne sikkerheitsklarerast for STRENGT HEMMELEG. Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte ekspedisjonssjef Trine Heimerback, tlf. 22 24 40 29, eller personalsjef Åsta Skre, tlf. 22 24 40 22.
Slik søkjer du
Søknad sendast elektronisk via lenka "Søk stillinga" øvst på denne sida. Vi er opptatt av kva du kan, erfaringane og kompetansen din og vil derfor stille deg nokre faglege spørsmål i staden for å be deg skrive ein søknadstekst. Når du trykker på "Søk stillinga" kjem du til rekrutteringsportalen og må logge inn.
I portalen er det viktig at du:
svarer på spørsmåla du får innleiingsvis. Spørsmåla erstattar søknadsbrev/tekst
fyller ut CV-felta i portalen (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er naudsynt for mellom anna å ivareta kravet om fullstendige søkarlister
lastar opp relevante vedlegg (vitnemål, kurs/sertifiseringar og attestar). For vitnemål frå norske utdanningsinstitusjonar ber vi deg nytte Vitnemålsportalen.
utdanning frå utlandet må dokumenterast med godkjenning frå NOKUT eller HKDir
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av til dømes alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, seksuell legning eller hol i CV-en. Arbeidstilhøva vil bli lagt til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne. Opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan bli brukt til registreringsføremål. I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista.
FerdigheterAI-generert
- Innsikt i politiske prosesser
- Internasjonale organisasjoner og organer
- Internasjonalt samarbeid
- Offentlig forvaltning
- Rådgivning
- Regjeringspolitikk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Statsministerens kontor støtter statsministeren i å leie og samordne regjeringas arbeid, mellom anna ved å førebu, gjennomføre og følgje opp regjeringskonferansane. Kontoret har ansvar for å førebu, gjennomføre og følgje opp statsrådets møter hjå Kongen.
Kontoret syt for den formelle kontakta mellom regjeringa og Stortinget, og samordnar regjeringsmedlemmane si deltaking i Stortingets debattar og spørjetimar og kontoret støtter statsministeren i det internasjonale arbeidet og har arbeidsgivarfunksjonar for alle politikarar i departementa.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Glacisgata 1, 0150 Oslo
- Bransje: Forsvar og militær, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Samfunnsviter, Sikkerhet
Nøkkelord
sikkerheitspolitikk, internasjonale saker, forvaltingskompetanse, utenrikspolitikk, politiske prosesser
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448541835
- Sist endret