Rådgivar/seniorrådgivar
Divisjon for læring og vurdering
- Frist 15.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og vidareutvikle matematikkfaga i norsk skule?
Vi søkjer ein engasjert og dyktig medarbeidar til ei fast stilling i avdeling for studie førebuande opplæring. Avdelinga støttar skular og skuleeigarar i arbeidet med læreplanar, analyserer korleis læreplanane blir brukte i praksis og bidreg til å utvikle faga i skulen.
Vi ser etter deg som har solid innsikt i matematikkfaga i grunnskulen og vidaregåande opplæring, og som har erfaring frå undervisning i matematikk. Du er nytenkjande, trivst med å arbeide i team, deler kunnskap og bidreg aktivt i samarbeid med ulike aktørar i utdanningssektoren.
I denne stillinga vil du ha eit særskilt ansvar for læreplanar i matematikk både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Dette inneber mellom anna å greie ut og følgje opp endringar i fagtilbodet i samarbeid med læreplangrupper og relevante fagmiljø. Du vil òg ha ansvar for vidareutvikling av støtte- og rettleiingsressursar knytte til matematikkfaga. I tillegg vil du bistå i mediesaker og delta i ulike utviklings- og utgreiingsoppdrag innan læreplanområdet.
Stillinga er plassert i divisjon for læring og vurdering, der du blir ein del av eit fagleg sterkt og engasjert miljø. Divisjonen har ansvar for utvikling og forvaltning av rammeplanar, læreplanverket, prøvar og eksamenar i grunnopplæringa, samt IT-system som understøttar desse. Vi arbeider tverrfagleg for å sikre samanheng og kvalitet i opplæringa.
Vi ønskjer medarbeidarar med ulike perspektiv og erfaringar, og oppmodar alle kvalifiserte om å søkje.
Arbeidsoppgåver
- forvalte og vidareutvikle læreplanane i matematikk i grunnskulen og vidaregåande opplæring, inkludert støtte- og rettleiingsressursar
- leie arbeidsgrupper og ha dialog med aktørar i sektoren
- delta i arbeidet med å fornye matematikkfaga
- gjennomføre utgreiingsoppgåver og setje i verk endringar
- delta i avdelinga sine og divisjonen sine øvrige oppgåver
Kvalifikasjonar
For å vere kvalifisert for stillinga må du ha
- relevant mastergrad (lang relevant erfaring kan i særskilde tilfelle kompensere for utdanningskravet)
- solid innsikt i matematikkfaga i grunnskulen og vidaregåande opplæring
- erfaring frå matematikkundervisning
- erfaring frå utviklingsarbeid i skulen
- god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk
- gode digitale ferdigheiter
I tillegg er det ein fordel om du har
- erfaring med utgreiingsarbeid
- kunnskap om fag- og timefordeling i vidaregåande opplæring
- kjennskap til system og roller i offentleg forvaltning
Personlege eigenskapar
Til denne stillinga ser vi etter deg som
- kan drive prosessar med god framdrift og kvalitet
- er nytenkjande, utforskar problemstillingar grundig, omset innsikt til konkrete tiltak og justerer kursen for å nå mål
- involverer relevante fagmiljø tidleg og byggjer tillit gjennom tydeleg og føreseieleg kommunikasjon
- tilpassar arbeidsform og prioriteringar ved endringar, og søkjer samarbeid for å finne gode løysingar
I tillegg er det viktig at du
- forstår korleis rolla di verkar i ein større samfunnskontekst og tilpassar kommunikasjon til ulike aktørar
- bidreg aktivt i teamarbeid ved å dele kunnskap, støtte kollegaer og byggje felles forståing for mål og retning
For oss er det viktig korleis du som person eignar deg for jobben. Dette vil bli vurdert samla.
Vi tilbyr
- løn som rådgivar/seniorrådgivar (kode 1434/1364), p.t. kr 600 000–850 000 per år (for særskilt kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast)
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstidsordning
- trening i arbeidstida
- nyoppussa lokale i Oslo sentrum, gratis innandørs sykkelparkering, svært god kantine og kaffibar
- utstrakt bruk av team- og prosjektorganisering
- gode faglege utviklingsmoglegheiter
- eit stimulerande og godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
Utdanningsdirektoratet skal vere prega av mangfald, og vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Vi oppmodar deg til å krysse av i søknaden dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar til intervju i kvar gruppe. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. Vi legg vekt på å tilretteleggje arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette opplysast om og grunngjevast i Webcruiter under «Hensyn». Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir teke til følgje.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Matematikklærerutdanning
- Undervise i matematikk
- Utviklingsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
lærlinger får et godt læringsutbytte og et godt læringsmiljø, og at barnehager
er en god arena for lek, omsorg og læring. Hos oss får du jobbe med
kolleger med bred faglig kompetanse. Vi jobber brukerrettet, samordnet og
digitalt og er stolte av å jobbe med å utvikle barnehage- og skolesektoren. Vi
er underlagt Kunnskapsdepartementet og har kontorer i Oslo, Tromsø, Molde og på
Hamar. Les mer på udir.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Schweigaards gate 15b, 0191 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
matematikk, læreplaner, grunnskole, videregående opplæring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448391700
- Sist endret