Psykologspesialist/psykolog
Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 13.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi har no ledig 1 fast stilling og eit årsvikariat for psykologspesialist/psykolog ved poliklinikk BUP Volda.
Vikariatet kan etterkvart verte omgjort til ei fast stilling. Oppstartdato etter avtale med seksjonsleiar.
I Helse Møre og Romsdal HF er psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) samt ein døgnseksjon.
Poliklinikken i Volda har eit godt arbeidsmiljø med spanande arbeidsoppgåver. Vi tilbyd differensiert poliklinisk utgreiing- og behandlingstilbod til barn, unge og familiar i 7 kommunar på Sunnmøre.
Personalgruppa vår er sett saman av personar frå ulike yrkesgrupper som er organisert i tverrfaglege team. I tillegg har vi akutt ambulant team, spiseteam, traumeteam og familieteam. Vi gir tilbod om pasient- og pårørandeopplæring. Vi legg vekt på godt samarbeid med andre helsetenester, både i kommunane og i andre delar av spesialisthelsetenesta.
Vi ynskjer å kunne tilby psykologane våre ein god balanse med høve til fagleg fordjuping og det å etablere eit breitt erfaringsgrunnlag. Psykologane våre får tett og god rettleiing av psykologspesialist i seksjonen. Vi sørger for at psykologane får dei kurs dei treng. Skulle du ha planar om faglege utviklingsprosjekt eller forsking, kan det vere høve til å utvikle dette i samarbeid med fagpersonar med forskingsbakgrunn i seksjonen vår, eller eventuelt saman med samarbeidspartnerar vi har innan forsking og fagutvikling.
6103 Volda
Referansenr.: 5069359840
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.02.2026

Arbeidsoppgåver
- Poliklinisk utgreiing og behandling av barn og unge med ulike psykiske lidingar
- Rettleiing og konsultasjon til foreldre, skule og nettverk
- Deltaking i samarbeidsfora rundt pasientar
Kvalifikasjonar
- Norsk lisens/autorisasjon som psykolog
- Psykolog med fullført spesialisering innan relevant fagområde (barn og ungdom, eller voksenpsykiatri). Psykologar som ikkje har fullført spesialisering kan og søke
- Relevant erfaring
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Politiattest må leggast fram før tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Du har interesse for fagutvikling og engasjement for utvikling av eigen arbeidsplass
- Du arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta
- Du har evne til å skape trivsel i ein travel arbeidskvardag
- Du har gode ferdigheiter i organisering av eige arbeid
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Tilrettelegging for for spesialisering og fagleg utvikling
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.
Kontaktinformasjon
Kari Standal, Seksjonsleiar, +47 70058570, kari.standal@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5069359840
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448386594
- Sist endret