Underdirektør - plan og klima
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Frist 15.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Underdirektør - plan og klima
Vil du leie arbeidet med plan og klima - og bidra til berekraftig utvikling i Møre og Romsdal?
Vi søkjer ein kunnskapsrik underdirektør til å leie plan- og klimaseksjonen hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Seksjonen har ei sentral rolle i å formidle, ivareta og samordne statlege interesser i kommunal og regional planlegging - frå natur og klima til samfunnstryggleik, ivaretaking av barn og unge sine interesser og folkehelse. Som underdirektør blir du ein del av leiargruppa i verksemdsområdet for berekraftig naturbruk. Du får ansvar for å leie og vidareutvikle seksjonen og dei sju dyktige medarbeidarane, og vil ha ei viktig rolle som rettleiar og samarbeidspartnar for kommunar, statlege aktørar og andre samfunnsinteresser.
Vi søkjer deg som har solid kompetanse innan plan og klima, og som kan vise gode resultat frå personalleiing.
Vi ser etter deg som- har høgare utdanning på masternivå. Relevante utdanningsretningar kan vere innan planfag, samfunnsfag, naturfag eller juss. I særskilte tilfelle kan lang og relevant erfaring kompensere for kravet om masterutdanning
- har god kompetanse og erfaring med kommunal og regional planlegging
- har erfaring frå offentleg forvaltning
- kommuniserer godt og byggjer gode relasjonar internt og eksternt
- kan vise til gode leiareigenskapar, strategisk blikk og evne til å ta rolla som statens representant utad
- evner å ta initiativ og arbeide sjølvstendig og målretta
Du må kunne tryggleiksklarerast til «HEMMELIG» før tiltredelse. (for meir informasjon om tryggleiksklarering, sjå www.nsm.no)
Førarkort klasse B er ein føresetnad. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Vi brukar som hovudregel nynorsk som skriftspråk.
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
Hos oss får du
- ei leiarstilling med stor påverknadskraft og samfunnsnytte
- eit utviklande og godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- løn som underdirektør (kode 1059) med lønnspenn frå kr 950.000,- til kr 1.050.000,- etter kvalifikasjonar og lokal lønspolitikk.
- ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
- tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
- medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
- høve til å trene i arbeidstida
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)
Som vår nye kollega vil du få ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern.
Statsforvaltaren er delegert regional mynde til å ta vare på viktige statlege interesser som natur og klima, landbruk, barn og unge sine interesser, folkehelse og samfunnstryggleik og beredskap i kommunalt og regionalt planarbeid. Statsforvaltaren skal og samordne andre statlege sektorar sine motsegn i plansaker, samt informere kommunane om statleg politikk.
Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Frank Dagfinn Madsøy på telefon (Norge +47) 97171493.
Søknadsfrist: 15. februar 2026
FerdigheterAI-generert
- Arealplanlegging
- Forvaltningsarbeid - Kommunalt
- God kjennskap til juss
- Klimatologi
- Naturvitenskap
- Norsk
- Offentlig administrasjon og forvaltning
- Sikkerhetsklarering
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 6412 Molde
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Annet, Ledelse
Nøkkelord
planlegging, samordne, plan, klima
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448319931
- Sist endret