Rådgivar internasjonalt samarbeid
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 08.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Rådgivar internasjonalt samarbeid
Er du klar for å sjå det regionale og internasjonale i samanheng på måtar som skapar verdi og utvikling i Møre og Romsdal?
Som internasjonal rådgivar blir du del av eit lite seksjonslag som driv fram samarbeid på tvers av både fag, sektor- og landegrenser for å utvikle Møre og Romsdal for framtida.
I stillinga får du sjansen til å jobbe med varierte og utfordrande oppgåver i skjeringspunktet mellom politikk og utvikling og på tvers av forvaltingsnivåa; frå det lokale til det internasjonale. Dette er ei stilling for deg som utforskar moglegheitsrom heller enn å bryte med barrierar, og som ser utvikling som ein naturleg del av kvardagen saman med eit lite lag i eit internasjonalt og tverrfagleg miljø.
Du skal arbeide med å
- halde deg oppdatert på europapolitikk og moglegheiter for samarbeid og prosjekt innan relevante EU-program
- oppmuntre til deltaking i internasjonalt og europeisk samarbeid i fylkeskommunen og blant andre relevante aktørar i regionen
- støtte, rettleie og bidra med kompetanse innan utvikling og gjennomføring av internasjonale prosjekt
- følge opp folkevalde med internasjonale politiske verv
- utforme og følgje opp relevante politiske saker
- evaluere, forbetre og omstille arbeidsform og strategiar i takt med endringar i politiske og økonomiske rammer
Stillinga krev desse kvalifikasjonane
- relevant høgare utdanning på masternivå
- erfaring med å drive prosessar og utvikle og hente ut verdiar frå prosjekt
- erfaring med å engasjere og formidle
- gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsferdigheiter på engelsk og norsk
Det kan også vere ein fordel med
- kjennskap til EU og EØS
- erfaring med å utvikle og leie EU-prosjekt
- kjennskap til Møre og Romsdal og dei naturlege fortrinna til regionen
- erfaring med oppfølging av folkevalde
- kompetanse på bruk av digitale verktøy, særleg på trygg og effektiv bruk av KI-assistentar
For å lukkast i stillinga må du
- trivast med å arbeide tverrfagleg og med å vere oppsøkande og nysgjerrig i møte med andre menneske og fagfelt
- ha blikk for strategiske moglegheiter og koplingar som kan skape meirverdi
- like vekslande arbeidsrytme og tidvis travle periodar med tidspress og korte fristar
- drive fram eigen utvikling, og like å dele og inkludere andre som del av læring og kompetanseutvikling
Vi tilbyr
- ei spennande stilling som del av eit lite og effektivt seksjonslag i eit profesjonelt, tverrfagleg og internasjonalt arbeidsmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og utvikling, med store rom for eigenutvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
- kontorstad i Molde har tilgang til trimrom
- fleksitid
Kontorstad er i Molde eller Ålesund
FerdigheterAI-generert
- Gjennomføring av utviklingsprosjekter
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Kompetanse- og næringsområdet (mrfylke.no)
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Samfunnsviter
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Rådgiver, Internasjonal, Samarbeid, EU, EØS
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447247714
- Sist endret

