Rektor ved Fjellnær friskule - bli med på oppstarten!
Fjellnær Friskule Sa
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Fjellnær friskule er ein ny kristen friskule for 1.--10. trinn, med oppstart i august 2026. Skulen ligg på Lesjaskog i Lesja kommune, tett på naturen og nærmiljøet. Vi ynskjer å gjeva elevane ein trygg, meiningsfull og aktiv skulekvardag -- med rom for læring, fellesskap og livsglede. Skulen er nyleg godkjent av UDIR og vil motta statstilskot til drift for inntil 85 elevar.
Vi søkjer no ein engasjert og inkluderande rektorsom vil vera med på å forme ein ny skule frå grunnen av.
Fjellnær friskule er
-
friluftsliv og uteskule
-
stor bruk av nærmiljø og lokalsamfunn i undervisninga
-
sterke relasjonar og inkluderande fellesskap
-
ein aldersblanda skule for elevar og familiar med ulik bakgrunn
-
kristne verdiar forankra i respekt og nestekjærleik
Vi ynskjer at du skal
-
vere ein synleg og inkluderande leiar for elevar, tilsette og føresette
-
bygge ein trygg og lærande organisasjon med høg kvalitet
-
leie og utvikle skulen i tråd med verdigrunnlag og pedagogisk profil
-
sikre godt samarbeid med nærmiljø, styre og samarbeidande instansar
-
ta ansvar for personalleiing og dagleg drift
Vi ynskjer at du har
-
godkjend utdanning som rektor eller lærar, gjerne med leiarutdanning, men oppfordrar alle med relevant bakgrunn til å søkje
-
erfaring frå leiing eller pedagogisk utviklingsarbeid
-
evne til å samarbeide og bygge gode relasjonar
-
forståing for aldersblanda skule, uteskule og varierte læringsarenaer
-
personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi kan tilby deg
-
100% fast stilling som inneber ein andel undervisning
-
eit sjeldan høve til å vera med i oppbyggjinga av ein ny skule
-
eit engasjert styre og eit bygdesamfunn som vil skape noko nytt saman, som heiar på deg og vil at du skal lukkast!
-
løn og pensjonsvilkår etter avtale
-
oppstart etter avtale
Stillingsutlysinga blir gjort med atterhald om at vi får driftsløyve frå UDIR i juli 2026, noko som mellom anna krev at vi har eit skuleanlegg godkjent av Statsforvaltaren.
Send søknad og CV til fjellnaerfriskule@gmail.com innan 10. februar 2026, søknader blir vurdert fortløpande.
Spørsmål kan rettast til styreleiar Elise Tjørnsletten (tlf: 93051593).
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448232826
- Sist endret