Undervisningsstilling innanfor naturbruk - 60% fast stilling
Måløy vidaregåande skule - Vestland fylkeskommune
- Frist 20.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Måløy vidaregåande skule er leverandør av opplæring innan mange fagfelt, og har eit særleg fokus på marin og maritim opplæring.
Skulen tilbyr utdanningsprogramma Naturbruk, Akva, Fiske og fangst, Maritime fag, Bygg- og anleggsteknikk, Teknologi- og industrifag, Studiespesialisering, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, YSK (yrkes- og studiekompetanse) innan Helse, Akva og TIF.
I tillegg er Sikkeheitssenteret i Måløy (SIM) med sine kurstilbod organisert som eiga avdeling under Måløy vidaregåande skule.
Arbeidsoppgåver
Aktuelle fag er felles programfag for naturbruk, men andre fag kan også vere aktuelle etter kompetanse.
Stillinga gjeld 60 % fast tilsetting.
Vi søkjer etter ein lærar med god fagleg og pedagogisk kompetanse som set eleven i sentrum og har evne og lyst til å skape gode læringsarenaer for ungdommane våre. Andre oppgåver må påreknast.
Kvalifikasjonar
Fagsamansetning frå høgare utdanning som er relevant for undervisning på naturbruk, eller relevant fagbrev.
- Det er ønskeleg med pedagogisk utdanning. Ved manglande formell pedagogisk kompetanse kan skulen legge til rette for tidsavgrensa avtale om å gjennomføre slik pedagogisk vidareutdanning.
- Det er ønskeleg at søkar har erfaring frå undervisning på programområdet.
- God kjennskap til digitale verktøy og evne til å setje seg inn i nye verktøy.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Kjennskap til relevant lov- og avtaleverk.
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer oss medarbeidarar som saman med resten av dei tilsette ved skulen kan vere med å skape eit profesjonsfellesskap som er prega av stoltheit, openheit og tryggleik.
Vi ser etter personar som:
- Er gode på relasjonsbygging og har gode evner til å kommunisere
- Har eit sterkt elevengasjement og er opptatt av eleven sitt beste
- Ynskjer å bidra aktivt i profesjonsfellesskapet
- Arbeider sjølvstendig og strukturert
- Er kreativ, fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver. Måløy vidaregåande skule har nyleg rehabilitert klasserom og verkstader. Skulen har eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap.
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Meir informasjon om skulen finn du på nettsida: www.maloy.vgs.no Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førsterett til stillinga. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar.
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest.
Kontaktinformasjon
Tor Åge Gravdal, avdelingsleiar, +47 97511510, tor.age.gravdal@vlfk.noArbeidsstad
Nordfjordvegen 91096718 Deknepollen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5067745397
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 20.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448222878
- Sist endret
