Førstekonsulent/ rådgivar - fri rettshjelp
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Frist 15.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Førstekonsulent/ rådgivar - fri rettshjelp
Statsforvaltaren søkjer to nye medarbeidarar til arbeid med fri rettshjelp
Seksjon for justis og beredskap søkjer to nye medarbeidarar som skal arbeide med ordninga for fri rettshjelp. Fri rettshjelp er ei viktig velferdsordning som gir økonomisk støtte til juridisk bistand i enkelte sakstypar for personar som kvalifiserer til dette. Arbeidet vårt innber å behandle søknader og sikre at ordninga blir praktisert i tråd med gjeldane regelverk.
Om seksjonen og stillinga
Stillingane er plasserte i verksemdsområdet for berekraftig naturbruk, under seksjon justis- og beredskap. Seksjonen har eit breitt ansvarsområde som omfattar samfunnstryggleik og beredskap, klagesaker etter plan- og bygningslova, oreigningsrett, forvaltningsrett og innsynsrett, med meir. Vi samarbeider tett med ei rekkje aktørar - frå kommunar og regionale organ til direktorat og departement.
Fri rettshjelp er ei ny oppgåve for seksjonen, og du vil difor få høve til å vere med på å utvikle og forme dette fagområdet hos oss. Oppgåvene vil krevje juridisk forståing, god systematikk, strukturert arbeidsform og tryggleik i kommunikasjon med mange ulike menneske. Du får ein variert og fagleg utfordrande arbeidskvardag, der du kan påverke arbeidet med rettshjelpsordninga og bidra til å styrkje rettstryggleik for enkeltmenneske.
Sentrale oppgåver
- Behandle søknader om fri rettshjelp i samsvar med rettshjelpslova, rettshjelpforskrifta og forvaltningslova.
- Vurdere innsend dokumentasjon og inntektsgrenser for rettshjelpsordninga.
- Gi rettleiing til publikum om rettar og prosessar.
- Samarbeide med advokatar og andre aktørar i rettshjelpsordninga.
- Følgje opp endringar i lov og forskrift knytte til rettshjelp.
- Bidra til utvikling av rutinar og kvalitetssikring.
- Arbeide med rapportering og statistikk knytt til rettshjelpsordninga.
Det kan og vere aktuelt å arbeide med andre rettsområde som ligg i seksjonen, som lov om heilagdagar og heilagdasfred (søndagsopne butikkar) og serveringslova.
Vi søker deg som har
- Juridisk utdanning (minimum bachelor i juss).
- Andre relevante utdanningar vil og bli vurderte.
Det er ein fordel om du har
- relevant erfaring med juridisk saksbehandling frå stat eller kommune - eller annen relevant arbeidserfaring
- kjennskap til og interesse for statleg forvaltning
- erfaring med å bidra inn i eit nytt saksområde
- erfaring med arbeid innan fri rettshjelp
- erfaring frå førstelinjeteneste / publikumskontakt
- erfaring med å utarbeide rutinar og godkjeningsarbeid
Personlege eigenskapar
- Engasjement for rettshjelp til utsette grupper.
- Evne til å setje seg raskt inn i nye problemstillingar.
- Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg.
- Evne til å snakke godt med menneske som er i vanskelege situasjonar.
- Løysingsorientert.
- Gode samarbeidsevner.
- Personleg eignaheit blir vektlagt.
- Du er fleksibel og har god omstillingsevne
- Evne til å ta og stå i val, samt ha organisatoriske evne
Du må meistre engelsk munnleg og skriftleg. Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som blir tilsett må meistre norsk både skriftleg og munnleg.
Hos oss får du
- ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
- jobbe med samfunnsaktuelle saker og bidra til rettstryggleik
- stor mogligheit for fagleg utvikling og variasjon i arbeidsoppgåver
- naudsynt opplæring i aktuelt regelverk og datasystem
- løn som 1408 føstekonsulent /1434 rådgivar med lønsspenn frå kr 550.000,- til kr 750.000,- Lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønnspolitikk. Stilling som 1364 seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innan fagområdet.
- tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
- medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
- moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
- høve til å trene i arbeidstida
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)
Som vår nye kollega vil du få ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø.
Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Gunnhild Anett Naas på telefon (Norge +47) 99702229.
Søknadsfrist: 15.februar 2026
FerdigheterAI-generert
- Behandle søknader
- God kjennskap til juss
- Juridisk kompetanse
- Juridisk tjenesteyting
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 MOLDE, 6412 Molde
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Annet, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Annet, Rådgivning
Nøkkelord
saksbehandling, rådgiving, rettleiing
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448209647
- Sist endret
