Administrativ rådgivar
Molde videregående skole, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 2.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Molde vgs. har frå våren 2026 behov for administrativ rådgivar i 100 % fast stilling. Administrasjonen ligg sentralt plassert i hjartet av skolen. Administrativ rådgivar er plassert i stabsavdelinga ved skolen saman med andre pedagogiske støttefunksjonar som t.d. IKT og andre administrative rådgivarar.
Ved Molde vgs. har vi elevane i sentrum. Saman jobbar nesten hundre tilsette kvar dag for å gjere vårt beste for at elevane våre skal nå dei måla dei har sett seg. Saman skal vi bidra til at dei blir best mogleg førebudd for framtida.
Vi legg stor vekt på samarbeid innanfor ulike profesjonsfellesskap og på å gje elevane våre ein god opplæring i eit trygt og godt skolemiljø.
Arbeidsoppgåver
Du får jobbe med:
- Skoleadministrasjon innan økonomi og skoleårsplanlegging
- Samarbeid med andre tilsette ved skolen og eksterne aktørar
- Bistå i innkjøpsprosessar
- Dokumenthandtering i Websak+ og InSchool mm.
- Bistå i informasjons- og rekrutteringsarbeidet ved skolen
- Økonomihandtering og e-handel i Visma Enterprise
- Bistå i Internasjonaliseringsarbeidet ved skolen (Erasmus+), reiseplanlegging
- Anna forefallande kontorarbeid som t.d. Lånekassen, skolefotografering, skoleskyss mm.
- Bistå i forbindelse med avvikling av eksamen
- Delta i møte og aktivitetar i regi av stabsavdelinga, der både administrative og praktiske oppgåver må påreknast
- Inngå i samarbeid om å betjene sentralbord/resepsjon
Kvalifikasjonar
Vi søker deg som:- Har relevant høgare utdanning innan økonomi og administrasjon
- Har god generell digital kompetanse og forståing, og er interessert i å halde seg oppdatert på den teknologiske utviklinga i samfunnet
- Erfaring frå vgs skoleadminstrative og økonomiske system
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på bokmål, nynorsk og engelsk
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som:
- Er fleksibel, serviceinnstilt og løysingsorientert
- Er tålmodig og vennleg
- Har gode samarbeidsevner
- Har evne til å danne gode relasjonar med elevane og tilsette
- Kan arbeide systematisk og målretta, både sjølvstendig og saman med andre tilsette
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Vi tilbyr:
- Eit stabilt og spennande arbeidsmiljø.
- Eit inkluderande og raust kollegium der du får utvikle deg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar.
Kontaktinformasjon
Berg Celia, Rektor, +47 99780722Arbeidsstad
Øvre veg 236413 MOLDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5064799054
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448162064
- Sist endret
