Frivilligkoordinator - 100 % fast stilling
Modalen kommune
- Frist 22.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Om stillinga
Arbeidsoppgåver og ansvar
Kvalifikasjonskrav
Våre ynskje om deg
Me tilbyr
Anna
Vi søker frivilligkoordinator i 100% fast stilling for å etablere, utforme og drifte Modalen frivilligsentral. Frivilligsentralen er kommunalt eigd og frivilligkoordinator vil såleis vere ansatt i Modalen kommune sin sentraladministrasjon. Sidan Modalen ikkje har ein frivilligsentral frå før, vil frivilligkoordinatoren få vere med å utforme innhald og drift frå start. Sentralen skal stimulere til frivillig innsats og bidra til å vidareutvikle eit levande lokalmiljø der folk kan møtast. Vi ser etter ein frivilligkoordinator som kan vere ein pådrivar i dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver og ansvar
- Ansvarleg for drifta av Frivilligsentralen.
- Kartlegge og ha oversikt over kva innbyggjarane i Modalen treng av tilbod og ordningar som kan organiserast av frivillig innsats.
- Rekruttering, opplæring, koordinering og rettleiing av frivillige.
- Vere ein ressurs for dei som treng hjelp til å søkje tilskot frå offentlege eller private aktørar.
- Leggje til rette for og bidra til aktivitetar, møteplassar og tilbod i samhandling med frivillige og relevante tenester i kommunen.
- Organisere drifta av BUA Modalen.
- Få ut informasjon til innbyggjarane om tilbod via kanalar som treff dei ulike målgruppene.
- Rapportering for frivilligsentralen.
- Andre arbeidsoppgåver kan kome til.
Ein må rekne med arbeid på kveld/helg.
Kvalifikasjonskrav
- Bachelor eller tilsvarande utdanning. Lang relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
- Kunne arbeide sjølvstendig og ta ansvar for drifta av frivilligsentralen.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg- og skriftleg.
- Beherske bruk av IKT og digitale løysingar.
- Førarkort klasse B.
Våre ynskje om deg
- Du må vere oppteken av frivillig arbeid og sjå verdien dette har i lokalsamfunnet.
- Du må vere serviceinnstilt, engasjert og initiativrik.
- Vere interessert i og flink med ulike type menneske.
- Du må like å jobbe sjølvstendig, men også kunne samarbeide med andre.
- Personleg eignaheit vil verte vurdert spesielt og vil utgjere ein viktig faktor ved tilsetjing.
Me tilbyr
- Ei sentral rolle i kommunen som organisasjon, med spanande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ein kommune med engasjerte tilsette og innbyggjarar.
- Løn etter tariff.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
Anna
- Tilsetjing vert gjort etter gjeldande lover, føresegner og avtalar.
- Det vert stilt krav om politiattest.
- Tenestespråket i Modalen kommune er nynorsk.
- Arbeidsstad: kontorplass på Mo, aktivitetar vert gjennomført i tilgjengelege lokale ulike stadar i kommunen.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448042268
- Sist endret

