Operativ sosialfagleg ressursperson (OSR)
Time kommune
- Frist 15.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Operativ sosialfagleg ressursperson (OSR)
Frøyland skule er ein 1.-7. skule med omlag 360 elevar og 55 tilsette. Visjonen vår er "Kunnskapsrik og fargerik". Me legg vekt på at elevane skal oppleve både fagleg- og sosial inkludering, og at elevane skal trivast og ha det godt på skulen. I kollegiet legg me vekt på samarbeid og felles ansvar for elevgruppa. Me har no ledig ei 100% stilling som sosialfagleg operativ ressursperson (OSR) og håpar at den rette vil vera med å jobba på laget vårt.
Arbeidsoppgåver
Operativ sosialfagleg ressursperson (OSR) ved skulen har ei sentral rolle i arbeidet med barn og unge, særleg knytt til førebygging og tidleg innsats i skulen. Rolla er viktig for å sikra at barn og unge får eit likeverdig og inkluderande tilbod. Som OSR ved skulen, vil du vera med på å jobba systemisk, førebyggande og operativt med skulemiljøet til elevane. Du skal jobba både med enkeltelevar og med elevgrupper/klassar. Du vil vera ein del av skulen sitt støttesystem for lærarane, og jobba saman med leiinga, enkeltlærarar og trinna. Rolla er knytt til å identifisera og følgja opp elevar med sosialfaglege behov tidleg, samt ha ei operativ rolle i oppfølginga. OSR jobbar tett med lærarane og leiinga i skulemiljøsaker og skulefråværssaker.
OSR skal bidra til å skapa gode oppvekstvilkår for barn og unge ved å vera ein del av skulen si satsing på tverrfagleg samarbeid. Skulen har ei tverrfagleg arbeidsgruppe “Laget rundt læraren og eleven” (LLE). Her vil OSR delta i systematisk samarbeid med andre tenester som PPT, helsesjukepleiar, barnevern, sosiallærar og leiinga for å utvikla førebyggjande tiltak og tiltak i konkrete aktive saker. OSR vil og vera ein del av skulen sitt miljøteam, samt jobba noko i SFO.
Kvalifikasjonar
Me søkjer personar med arbeidserfaring og relevant sosialfagleg utdannning på bachelor-nivå. Det er ein fordel om du har erfaring med både systemarbeid, rettleiing og arbeid tett på barn og unge. Du må vera trygg på deg sjølv, vera god på relasjonsarbeid i møte med både ungar og vaksne. Personlege eigenskaper vil bli vektlagt. Om du har kompetanse i og/eller erfaring med skulemiljøarbeid, arbeid med skulefråvær, sosiale og emosjonelle vansker og saksbehandling, er det ein fordel.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
FerdigheterAI-generert
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kråvegen 2, 4355 Kvernaland
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barne- og ungdomsarbeider, Undervisning og pedagogikk, Veileder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
undervisning, sosialfag, grunnskule
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448012290
- Sist endret

