Her er du

FINN/Jobb/Søk/Innlandet/Vang
Fristen er utløpt

Kommunikasjonsmedarbeider ved Vang frivilligsentral 50-80 % vikariat

Vang Kommune

  • Søknadsfrist 15.2.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Frivilligsentralen har ledig eit vikariat som kommunikasjonsmedarbeidar fom. april 2026 tom. februar 2027. Vår daglege leiar skal inn i ein annan organisasjon i denne perioden, og me søker no ein medarbeider som kan drifte frivilligsentralen saman med vår frivilligkoordinator i 11 mnd.  Du kan sjølv velge stillingstorleik, me tilbyr 50-80 % stilling. 

Vang frivilligsentral er samlokalisert med Vang folkebibliotek på Vangstunet, i sentrum av kommunen. Frivilligsentralen har ope 3x4 t pr veke, med ansvar for å bistå publikum i lokala. Frivilligsentralen driftar BUA Vang, som held til i eit eige lokale i sentrum. BUA har ope 2x1 t pr veke.  

Frivilligsentralen skal stimulere til frivillig innsats, skape opne møteplassar for befolkninga, og vere eit bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor. Vår visjon: Saman skapar vi eit godt og inkluderande lokalsamfunn. 

Ansvar og mynde: 
Vang kommune har personalansvar for dei tilsette i frivilligsentralen. Sentralen er organisert under etat for utdanning og kultur, og kommunalsjef er næraste overordna. 


Arbeidsoppgåver

  • Drifte BUA Vang 
  • Planlegge, marknadsføre og gjennomføre arrangement og møteplassar i samarbeid med Vang folkebibliotek, frivillige lag og andre 
  • Generell marknadsføring av frivilligsentralen sine aktivitetar (som TV-aksjon, julegåvedugnad, digi-hjelp, seniortreff, språkkafear osv)  
  • Sørge for at foreningsportalen er oppdatert og synleggjort på ulike plattformar 
  • Bistå frivillige lag med marknadsføring og rådgiving 
  • Delta i arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn som jobbar med reforma Bu trygt heime (med ansvar for marknadsføring og kommunikasjon) 
  • Delta i Bulystteamet, som koordinerer bulystarbeid i Vang i samarbeid med næringsliv, organisasjonsliv og eldsjeler (med ansvar for marknadsføring og kommunikasjon) 
  • Delta i kommunen sitt kommunikasjonsteam, med ansvar for publisering av info frå frivillig sektor på kommunen sine infoskjermar og øvrige plattformar 
  • Bistå i den generelle drifta av frivilligsentralen 

Kvalifikasjonar

  • Høgare relevant utdanning innan t.d. administrasjon / leiing /organisasjonsfag / kultur / kommunikasjon / folkehelse er ynskjeleg. Relevant arbeidserfaring kan erstatte høgare utdanning. 
  • Kulturkompetanse og kjennskap til frivillig sektor er ein fordel
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Har god formidlingsevne munnleg og skriftleg, og gode norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Me ser etter deg som: 

  • Er strukturert og har evne til å planleggje og prioritere 
  • Er sjølvstendig og har gjennomføringsevne 
  • Har evne til å samarbeide og kommunisere godt med frivillige, kommunen, organisasjonar og andre aktør
  • Har evne til å møte ulike grupper og enkeltpersonar med respekt og engasjement 

Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt. 

Vang kommune nyttar nynorsk som målform

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente tilsette
  • Ein variert jobb med spennande utfordringar
  • Høve til å påverke innhald og oppgåver i stillinga
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp til å skaffe bustad ved behov

Kontaktinformasjon

Marta Bjørnøy Lalim, Kommunalsjef Utdanning og kultur, 977 56 665, marta.bjornoy.lalim@vang.kommune.no

Arbeidssted

Tyinvegen 5150

2975 Vang i Valdres

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vang Kommune


Referansenr.: 5068837993

Stillingsprosent: 80%

Vikar

Startdato: 01.04.2026

Sluttdato: 28.02.2027

Søknadsfrist: 15.02.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

Firmaets beliggenhet

Tyinvegen 5150, 2975 Vang i Valdres

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 447509334
  • Sist endret 23.1.2026, 10:41
Rapporter annonse