
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Bufetat
- Frist 09.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar/seniorrådgjevar til regionalt ressursmiljø for tryggleik og sikkerheit
Vi har ledig stilling i vårt team, og treng med det tilsetjing i 100 % stilling som rådgjevar til vårt regionale ressursmiljø for tryggleik og sikkerheit.
Arbeidskvardagen ber preg av høgt engasjement med tilsette som har mykje erfaringsbasert og teoretisk kunnskap. Vi er opptatt av å omsetje kunnskap til anvendt praksis som bidrar til auka kvalitet i tenestene våre. Mykje av tida blir brukt til opplæring og undervisning av miljøterapeutar ved våre driftseiningar.
Stillinga har arbeidsstad ved regionkontoret i Solheimsviken i Bergen.
Regionalt ressurssenter, tryggleik og sikkerheit for barn og tilsette i institusjoner vart etablert som eit prosjekt i 2015 og som ei avdeling på Lierfoss 01.01.2017. Ressurssenteret har utarbeidd eit opplæringsprogram for tilsette i Bufetat med målsetjing om å oppnå trygge og sikre tenester for barn og tilsette i barneverninstitusjonar. Senteret driv opplæring og tilbyr tenester i alle Bufetats regionar. Regionalt ressurssenter blei etablert ved Bjørgvin ungdomssenter i 2017, og har ansvar for gjennomføring av opplæringsprogram som er utvikla med mål om å oppnå trygge og sikre tenester for barn og tilsatte ved barnevernsinstitusjoner.
Opplæringsprogrammet er utvikla av spisskompetansemiljøet for tryggleik og sikkerheit i barnevernsinstitusjoner. Til grunn for opplæringsprogrammet ligg Bufdir sitt kunnskapsgrunnlag og faglege anbefalingar.
Som følgje av omlegging av fag- og kompetansestrukturen i Bufetat frå 01.01.2026 er tryggleik og sikkerhet no organisert som en del av del av stabsfunksjonen i regionen under seksjon for tenestestøtte. Ressursmiljøet for tryggleik og sikkerheit har i dag fire tilsette, mens seksjonen i det heile har ti tilsette. Dei andre tilsette i seksjonen har barnevernfagleg eller psykologutdanning. Staben for øvrig har eit bredt spekter av profesjonar blant sine tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Opplæring av tilsette i institusjonar i tryggleik og sikkerheit.
- Bistå med implementering og ha oppfølging av tryggleik og sikkerheit i institusjonar.
- Følgje med på, og vere oppdatert på forskning og fagutvikling innan barnevernsfeltet.
- Drive systematisk innsamling av erfaringsbasert kunnskap på området, og gjere den tilgjengeleg for
medarbeidarar som arbeider med barn og unge. - Delta i samarbeid med relevante kunnskapsmiljø, brukarorganisasjonar og utdanningsmiljø.
- Miljøterapeutisk rettleiing til driftseiningane.
- Bistand når det oppstår krevjande situasjonar. Jobbe i team saman med andre frå seksjon tenestestøtte eller andre seksjoner i regionen.
- Analyse og utviklingsarbeid. Jobbe i team saman med andre fra seksjon tenestestøtte eller andre seksjoner i regionen.
- For denne stillinga må eit høgt antall årlege reisedøgn påreknast.
Kvalifikasjonar
- Du har fullført høgskoleutdanning med minimum 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad, som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, kan vurderast.
- Det er ønskjeleg med relevant videreutdanning eller mastergrad.
- Det vert krevd brei miljøterapeutisk erfaring frå institusjon for barn- og ungdom. Erfaring frå andre type tenester innan helse- og sosialfeltet der ein ytar tenester til grupper forbundne med høg risiko, kan og vurderast.
- God formidlingsevne og evne til å halde forelesingar.
- Særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Førarkort klasse B.
Av hensyn til samansetninga i personalgruppa oppmodas menn til å søkje.
Personlege eigenskapar
- Du må evne å arbeide sjølvstendig.
- Du er trygg på deg sjølv og tør å bevege deg utanfor komfortsonen.
- Du samarbeider godt og sprer glede og engasjement blant kollegaer.
- Du er trygg på egen kompetanse, deler gjerne med andre og er nysgjerrig på andre perspektiv og fagområde enn ditt eget.
- Du er lojal og pliktoppfyllande.
- Du engasjerer andre med di formidlingsevne.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1434 som rådgjevar, p.t. kr 620 000 - 700 000 pr. år eller 1364 seniorrådgjevar, p.t. kr 650 000 - 750 000 pr.år. For særskild kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenetstepensjonsordning, moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Vi har jevnlege sosiale tiltak saman med gode kollegaer og eit godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen. Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Opplysningar til deg som søkjer:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Stab, seksjon for tenestestøtte.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sosialfag, Sosialt arbeid, Rådgiver
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447501798
- Sist endret



