Barn og familiesjef Time kommune
Time kommune
- Frist 08.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Barn og familiesjef Time kommune
Saman skapar me framtida for barn og unge i Time
Time kommune søkjer ein strategisk, relasjonelt sterk og utviklingsorientert leiar som vil ta ansvar for ein sektor som står heilt sentralt i kommunens ambisjonar for barn og unge. Arbeidet ditt skal støtte opp om dei ulike fagområda og samtidig bidra til å nå måla i Strategiplan Oppvekst 2023–2029
Som barn og familiesjef får du det overordna ansvaret for:
- Barnevern
- Ungdom og fritid
- Helsestasjontenester
- Flyktningtenesta
- PPT-tenesta
Desse tenestene er avgjerande for å realisere kommunen sine mål om tidleg innsats, samordning og inkluderande oppvekstmiljø. Stillinga rapporterer til kommunalsjef og er ein viktig del av kommunalsjefen si leiargruppe.
Arbeidsoppgåver
Som barn‑ og familiesjef får du ei sentral rolle i å leie og vidareutvikle fagområda innanfor sektoren. Du har ansvar for å bidra, byggje og styrkje tverrfagleg samhandling som del av kommunalsjefen si leiargruppa i heile oppvekst, i tråd med kommunen si satsing på førebygging og tidleg innsats. Vidare skal du drive kvalitets- og utviklingsarbeid gjennom tydeleg støtte, retning og oppfølging av leiarane, og sørgje for at tenestene er inkluderande og prega av medverknad der barn, unge og foreldre blir sett, høyrt og involvert.
Rolla inneber òg å leie endrings- og omstillingsprosessar på ein trygg og relasjonell måte, og bidra aktivt i utviklinga av heile oppvekstområdet. I tillegg vil du ha ansvar for å utarbeide politiske saker og leie tverrfaglege prosessar som krev god koordinering og strategisk forståing.
Kvalifikasjonar
- relevant høgare utdanning med master i leiing, eller ønske om denne vidareutdanninga
- leiarerfaring, gjerne frå kommunal forvaltning
- erfaring med endring og utviklingsarbeid
- god prosess- og analysekompetanse
- nysgjerrig, tydeleg og utviklingsorientert
- likar å jobbe på tvers av fag og kulturar
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer oss ein leiar som er:
- Strategisk og utviklingsorientert – forankra i kommunen sine satsingsområde og framtidsmål
- Relasjonell og samlande – du bygger tillit, involverer og skaper lagkjensle
- Tydelig og handlekraftig – du set retning og følgjer opp
- Nysgjerrig og analytisk – du nyttar kunnskap og data til kvalitetsutvikling
- I forkant – du har evne til å sjå tidlege signal og handle i tråd med tidleg innsats-prinsippet
- Omstillingsevne- du er villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen. Me ønskjer fleire mannlege kollegaer i stab, og oppmodar menn om å søka stillinga.
Vi tilbyr
Du får ei nøkkelrolle i eitt av kommunen sine viktigaste område
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter avtale
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
- Du får jobbe tett på kompetente fagmiljø og engasjerte leiarar
- Du blir ein sentral bidragsytar i å forme framtida for oppvekstområdet i Time
- Dette er ei meiningsfull leiarstilling der du verkeleg kan gjere ein forskjell
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
FerdigheterAI-generert
- Forbedre og utvikle tjenestene
- Ledelse (universitet)
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Arne Garborgs veg 32, 4344 Bryne
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ledelse, barn og unge, oppvekst, tverrfaglig
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447406406
- Sist endret



