
Rus koordinator
Helse Bergen HF
- Frist 04.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Rus koordinator
Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein moderne og veldreven klinikk som gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy, samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med omtrent 80 000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2025 eit budsjett på 166 millionar kroner, og har ca 220 tilsette fordelt på vel 150 årsverk. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan det polikliniske tilbodet går føre seg både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i to fagområde psykose og allmennpsykiatri.
Ved vår allmennpsykiatriske poliklinikk på Tertnes i Åsane har vi ledig stilling som Rus koordinator. Ein av våre erfarne kollegaer går av med pensjon, og vi søker deg som vil vere med å vidareføre og utvikle det gode behandlingstilbodet vårt.
Om poliklinikken
Poliklinikken ligg sentralt i Åsane, med kort veg til Bergen sentrum. Vi er ein stor og velfungerande eining med eit mangfaldig og spesialisert tilbod.
Hos oss finn du:
- To allmennteam
- DBT-team (eit av dei lengstlevande i Noreg)
- MBT-team
- Angst- og depresjonsteam
- Team for spiseforstyrringar
- ROP-team
- Familieteam
- Nevroteam
- Søvnteam
- Traumeteam
- Akutt ambulant team
I tillegg har vi ei spennande gruppeavdeling med samtalegrupper, uttrykksterapi, psykomotorisk fysioterapi, ernæringskonsulent og musikkterapi. Vi samarbeider tett med Knarvik om fleire av dei spissa tilboda.
Arbeidsoppgåver
- Ha det overordna ansvaret for det faglege og organisatoriske arbeidet knytt til ROP‑pasientar
- Samordne og vidareføre eit etablert og velfungerande rusfagleg tilbod, inkludert veiledning til andre ved behov
- Leggje til rette for godt og strukturert samarbeid mellom ulike instansar og tenestenivå, både internt og eksternt
- Fremje og bidra aktivt til tverrfagleg samarbeid mellom behandlarar, einingar og samarbeidspartnarar
- Sikre god kommunikasjon og heilskaplege pasientforløp
- Bidra til fagutvikling og kompetanseheving innan rus og psykisk helse.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning (t.d. sjukepleiar, sosionom, vernepleiar, eller anna helse-/sosialfagleg bakgrunn)
- Vidareutdanning, samt erfaring frå rus- og psykisk helsefeltet er eit krav
- God forståing for samhandling mellom ulike tenestenivå, ønskjeleg med yrkeserfaring fra både 1.og 2. linje tjenester
- Erfaring med koordinering og fagutvikling
- Gode samarbeidsevner, strukturert arbeidsstil og evne til å sjå heilskaplege løysingar.
- Veiledningskompetanse
Personlege eigenskapar
- Du er trygg, fagleg solid og opptatt av kvalitet
- Du trivst med å jobbe tverrfagleg og tek initiativ til samarbeid
- Du har gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje gode relasjonar
- Du er sjølvstendig, ansvarleg og løysingsorientert
- Du ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull stilling med stor påverknadsmoglegheit
- Tverrfagleg og kompetent arbeidsmiljø.Gode utviklingsmoglegheiter i ei stilling med brei kontaktflate
- Eit fagfelt i kontinuerleg utvikling – der du får bidra
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tertnesveien 37, 5113 Tertnes
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Koordinering, Sosionom
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
psykiatr, rus, koordinator, dps, Bjørgvin
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447218916
- Sist endret



