Sjukepleiarar/vernepleiarar, 70-100% fast stilling
Øygarden kommune
- Frist 02.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Kvednatunet
Vil du bli ein av våre engasjerte medarbeidarar og være med å jobbe i eit spennande team?
Vi søker etter 2 Sjukepleiar /vernepleiar til 100 % stilling og 70% natt ved Kvednatunet
Om avdelinga:
Kvednatunet er ein omsorgsbustad med heildøgns tenester for personar med demensdiagnose. Huset består av 40 leilegheiter fordelt på 4 bufellesskap. Her er det tverrfaglege i fokus, med lege 3 dagar i veka, sjukepleiarar, vernepleiar, helsefag, aktivitør - og musikkterapeut med fleire for å prøve dekke bebuarane sine behov.
Kvednatunet er lokalisert på Ågotnes omlag 10 min frå Straume. Det er gratis parkering for tilsette.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg omsorg
- Sjukepleiarfaglege oppgåver som legevisitt, dosering, palliativ pleie
- Ivareta pasientane sine individuelle behov
- Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
- Ivareta sjukepleie fagleg ansvar på vakt.
- Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
- Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling.
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon sjukepleiar eller vernepleiar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Det vil bli lagt vekt på personlige eigenskapar
Ønskjeleg med:
- Ønskjer å jobba med demente
- Evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert
- Du er engasjert, ansvarsbevisst og løysingsorientert.
- Gode samhandlingsferdigheiter
- Evne til å takla stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
- Fleksibel
- Evne til å være med å skape eit godt arbeidsmiljø
Anna:
- Vi har årsplan og mogelegheit for langvakter.
- Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
- Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus har kr. 25000,- pr.år over gjeldande tariff
- Sjukepleiar på natt får ubekvemstillegg på kr: 40000,- (100% stilling)
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Avdelingsleiar Beate Lønningen telefon : 916 73 031
Avdelingsleiar Bodil Janne Giil telefon : 916 73 032
Einingsleiar Ingrid-Alice Ingebrigtsen : 97 53 72 43
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
FerdigheterAI-generert
- Demensomsorg
- Dokumentasjon
- Norsk
- Palliativ behandling
- Pleie og omsorgsarbeid
- Rapportering
- Utlevering av medisiner
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Kvernatunvegen 9, 5347 Ågotnes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier, Sykepleier, Sykepleier
Nøkkelord
sykepleier, vernepleier, sjukepleiar, vernepleiar, helse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 447042116
- Sist endret