
Kontrollingeniør
Vestland fylkeskommune
- Frist 09.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Kontrollingeniør/teknisk byggeleiar
Vil du vere med å bygge framtida i Vestland?
Vestland fylkeskommune satsar på moderne og framtidsretta infrastruktur som knyter regionen saman og styrkjer sambandet til resten av landet. Vi byggjer, driftar og vedlikeheld vegane som gjer at folk kjem seg trygt fram – kvar dag.
Avdeling for vegbygging har ansvar for bygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland fylke. No ønskjer vi å styrke laget vårt i Vegbygging nord, som omfattar Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.
Hos oss får du vere med på spennande og viktige prosjekt. Aktuelle prosjekt er rassikring av fv. 609 Heilevang og ferjeavløysningsprosjektet fv. 618 Atløysambandet.
Kontorstad vil i utgangspunktet vere Førde, men du må rekne med utplassering på anleggskontor i periodar.
Vi ser etter deg som vil bidra til tryggare og betre vegløysingar for framtida. Er du klar til å ta del i utviklinga av Vestland?
Arbeidsoppgåver
Som kontrollingeniør/teknisk byggleiar vil hovudoppgåva di vere å kontrollere og fylgje opp entreprenøren sitt kontraktsarbeid i samarbeid med byggeleiar og prosjektleiar. De har eit felles ansvar for at prosjektet når sine mål, innan SHA og YM, økonomi, framdrift og kvalitet.
Du skal også
- utarbeide gode kontrollplanar, og dokumentere og rapportere på resultata av kontrollane.
- kvalitetssikre leveransar og kontrollere dokumentasjon frå entreprenør.
- samarbeide med andre kontrollingeniørar og fagressursar.
- fylgje opp og støtte HMS-arbeidet.
For å Iøyse desse oppgåvene er det viktig at du er ryddig og kan arbeide systematisk med dokumentasjon. Du bør også ha gode kunnskapar i bruk av IKT som arbeidsverktøy.
Kvalifikasjonar
Du må ha relevant utdanning frå høgskule-/universitet eller fagskule. Dersom du har allsidig praksis, eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.
Kjennskap til modellbasert prosjektering og bruk av BIM under byggeprosessen blir vektlagt, men er ikkje eit krav til stillinga. Det samme gjeld kjennskap til geomatikk/landmåling.
Du må ha førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
Vi er på leiting etter nokon som kan samarbeide godt med andre, vil dele kunnskap med kollegaer og som bidreg til eit godt miljø på arbeidsplassen. Du må kunne utføre oppgåvene dine på ein sjølvstendig og systematisk måte, og ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar. Har du stå-på-vilje og gjennomføringskraft vil du få mange spennande moglegheiter her hjå oss!Vi tilbyr
Vi tilbyr varierte arbeidskvardagar i eit av dei fremste byggherremiljøa i regionen, her vil du få meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver med mykje ansvar.
Arbeidsmiljøundersøkelsar syner at vi har eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar som trivst saman på jobb og utfordrar kvarandre fagleg. Vi har eit sterkt fagmiljø som er gode på kunnskapsdeling og inkludering, og det er gode mogelegheiter for både fagleg og personleg utvikling.
I Vestland fylkeskommune har vi fleksibel arbeidstid, gode forsikrings- og pensjonsvilkår og er tilslutta bedriftshelseteneste.
FerdigheterAI-generert
- Dokumentering og registrering av informasjon
- Dokumentkontroll
- Kontrollere sluttoppgjør fra entreprenør
- Kontrollplan
- Kvalitetssikring
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hafstadvegen 48, 6800 Førde
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, Ingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
teknisk byggeleiar, kontrollingeniør, tunnel, bru, veg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446908405
- Sist endret
