HR-rådgjevar
Sjukehusapoteka Vest
- Frist 08.02.2026
- Ansettelsesform Vikariat
HR-rådgjevar
I Sjukehusapoteka Vest (SAV) jobbar det rundt 350 medarbeidarar, delt på seks sjukehusapotek og ein sentraladministrasjon i Bergen. Vi er ein del av Helse Vest-regionen, og våre sjukehusapotek finn du i Bergen, Stavanger, Haugesund og Førde.
Hos oss arbeidar blant andre farmasøytar, apotekteknikarar, sjukepleiarar, anna helsepersonell, prosjektleiarar og medarbeidarar innan HR, økonomi, IKT og kommunikasjon.
Hos oss får du vera med og bidra til SAV sitt viktige oppdrag: å sikre at pasientar får legemidla dei treng og brukar dei på rett og trygg måte.
Vår gode kollega skal snart ut i foreldrepermisjon, og vi søkjer difor etter ein rådgjevar som kan gå inn i eit vikariat.
Du vil få brukt det du kan og få sjansen til å lære meir og utvikle deg, som ein viktig støttespelar for våre leiarar. Du vil møte ein travel kvardag med mange spennande og utfordrande oppgåver, ingen dagar er like, men vi har det veldig kjekt saman og hjelper kvarandre.
Det er ønskjeleg med oppstart seinast 1.juni 2026, men gjerne tidlegare etter avtale.
Høyres dette spennande ut? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Du kan lese meir om oss her: www.sjukehusapoteka-vest.no
Arbeidsoppgåver
Du kjem til ei stilling med moglegheit til å gjere ein skilnad både på individ- og organisasjonsnivå.Her får du jobbe med eit breitt spekter av operative og strategiske HR- og HMT-oppgåver for apoteka, til dømes oppfølging sjukefråvær, rekruttering, samt rådgjeving til leiarar.
Du vil også få mulighet for å delta i regionalt samarbeid.
Stillinga har ei sentral rolle i å sikre at vi som organisasjon både held på, utviklar og tiltrekk oss gode medarbeidarar.
Kva kompetanse må du ha?
- relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum bachelor-nivå
- erfaring med HR og leiarstøtte frå store organisasjonar, gjerne frå offentleg sektor, er ein fordel
- gode norsk-kunnskapar, skriftleg og munnleg
- god IKT-forståing, gjerne med erfaring frå M365, Sharepoint, WebCruiter, Dossier, SmartLearn, EvryOne, QLM og Elements
Vi ser etter deg:
- som trivs i eit hektisk arbeidsmiljø med mange og varierte arbeidsoppgåver
- som er fleksibel, nøyaktig og løysingsorientert
- som har evne til å sjå heilskapen så vel som detaljar
- som fremjar samarbeid og bidreg til trivsel og godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- vikariat i eit selskap med gode utviklingsmoglegheiter og høg aktivitet
- løn etter avtale, fleksible arbeidstidsordningar, med gode pensjon- og forsikringsordningar
- eit godt, uformelt, entusiastisk og fagretta arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Microsoft 365
- Microsoft SharePoint
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv seks sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Møllendalsbakken 9, 5009 Bergen
- Bransje: Farmasi og legemiddel
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, HR, personal og rekruttering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
HR, vikariat, personal, oppfølging, rekruttering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446375288
- Sist endret

