Seniorrådgjevar ved HR-avdelinga
Universitetet i Bergen
- Frist 18.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Seniorrådgjevar organisasjons- og leiarutvikling
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Seniorrådgivar organisasjons- og leiarutvikling
Vi søkjer ein erfaren og engasjert seniorrådgjevar som vil spele ei nøkkelrolle i utviklinga av organisasjonskultur, arbeidsmiljø og leiarskap ved UiB. Hos oss får du høve til å påverke, inspirere og bidra til endringsprosessar som støttar opp under universitetet si kjerneverksemd innan forsking, utdanning og formidling.
Du blir del av eit fagleg sterkt miljø i Seksjon for arbeidsmiljø og organisasjonsutvikling, som ligg under HR-avdelinga. Seksjonen leverer tenester innan organisasjons- og leiarutvikling, kompetanse- og karriereutvikling, HMS og beredskap - og er ein sentral aktør i å utvikle UiB som ein framtidsretta og attraktiv arbeidsplass. Vi ynskjer no å styrke arbeidet med organisasjonsutvikling - med spesielt fokus på strategisk endringsarbeid. Vil du vere med å forme framtida til Universitetet i Bergen?
Arbeidsoppgåver:
- Leie eller bidra til prosjekt som styrkar organisasjonskultur, arbeidsprosessar og organisering ved UiB
- Utforme og implementere tiltak innan organisasjons- og leiarutvikling
- Gje fagleg rådgjeving som fremjar ein brukarorientert og heilheitlegorganisasjon
- Bidra til å identifisere og realisere effektiviseringspotensial
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Relevant høgare utdanning, minimum mastergrad innan organisasjon, leiing, HR eller anna relevant fagområde
- Minst 5 års relevant erfaring frå organisasjonsutvikling, endrings- og prosjektleiing eller liknande arbeidsfelt
- God organisasjonsforståingog innsikt i digitalisering som endringsdrivar
- Solid evne til å omsetje teori og innsikt til praktiske tiltak
- Analytisk, strukturert og sjølvstendig
- Fleksibel og initiativrik lagspelar med forståing for heilheit
- Gjennomslagskraft og gode kommunikasjonsevner
Vi kan tilby:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i årsløn kr. 800.000 - 875.000 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: HR direktør Kathrine Brosvik Thorsen på 415 57 571, eller seksjonssjef Ingve Bergheim på 94804 075.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
FerdigheterAI-generert
- Digitalisering
- Organisatorisk ledelse
- Prosjekteringsledelse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nygårdsgaten 5, 5007 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442246964
- Sist endret




