Project Manager
Ulstein Power & Control AS
- Frist 22.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Project Manager
Vil du bli ein del av eit engasjert og kompetent team?
Ulstein er kjend for innovasjon, pålitelegheit og sterke relasjonar til kundane våre. Ulstein Power & Control leverer integrerte løysingar som bidreg til at skipseigarar oppnår høgare effektivitet, reduserte kostnadar og kan ta viktige steg mot ei meir berekraftig framtid.
Ulstein Power & Control er Ulstein Group sitt systemintegrasjons- og serviceselskap. Vi leverer avanserte og optimaliserte kraft- og automasjonssystem til kundar i både inn- og utland.
Ulstein Power & Control AS er i utvikling og vekst og søkjer fleire nye medarbeidarar.
I stilling som Project Manager ser vi etter deg som ynskjer å påverke, skape resultat og vere ein aktiv bidragsytar i utviklinga av prosjektavdelinga vår. Du vil koordinere eit solid og erfarent fagteam, og ha ansvar for å sikre gode leveransar til kundar i Noreg og internasjonalt. Vi søkjer difor ein relasjonsbyggande og løysingsorientert person som trivst med ansvar og samarbeid, og som ønskjer å vere med på å vidareutvikle eit framtidsretta selskap i vekst.
Ulstein Power & Control har hovudkontor i Ulsteinvik og kontor på Moa i Ålesund.
Kvifor velje Ulstein Power & Control?
- Eit framtidsretta og kompetent miljø
Du blir del av eit sterkt fagmiljø som jobbar med leiande maritime teknologiløysingar og har eit tydeleg fokus på innovasjon og berekraft. - Gode utviklingsmoglegheiter
Hos oss får du fagleg påfyll, ansvar og høve til å påverke retninga på både prosjekt og teknologiutvikling. - Fleksibilitet og konkurransedyktige vilkår
Vi tilbyr løysingar som gjer det lettare å kombinere jobb og kvardag, i tillegg til gode og marknadstilpassa betingingar - Samarbeid med bransjens beste
Du jobbar tett med engasjerte, dyktige kollegaer og bidreg til å forme morgondagens maritime system og løysingar.
Arbeidsoppgåver
- Prosjektleiing
- Ansvar for levering av systemleveransar i hht. kontrakt - til avtalt tid, kost og kvalitet
- Oppfølging av budsjett og kontraktar
- Koordinere og styre interne delprosessar frå kontrakt fram til overlevering
- Bidra i arbeid inn mot sal, service og ettermarked
- Noko reiseverksemd må påreknast
Kvalifikasjonar
- Relevant teknisk bakgrunn og innsikt i skipsbygging
- God kontraktsforståing
- Erfaring frå maritim bransje
- Kompetanse innan prosjektleiing
- Teknisk utdanning (MSc / BSc / Teknisk Fagskule)
- Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Gode leiareigenskapar
- Service- og kundeorientert
- Utprega lagspelar med god integritet, kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Initiativrik, strukturert og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
- Eit tverrfagleg fagmiljø som vektlegg personleg og fagleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
- Konkurransedyktige lønnsvilkår, ordna arbeidsforhold, god pensjons- og gode forsikringsordningar.
FerdigheterAI-generert
- Budsjettoppfølging
- Bygging av skip og båter
- Norsk
- Teknisk utdannelse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Power & Control AS tilbyr service og ombygging av kraftpakkar og marine automasjonssystem. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.
- Sektor: Privat
- Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Industri og produksjon, Maritim og offshore, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: Elektroingeniør, Ingeniør, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
Project Management, Ledelse, Teknisk, Maritim bransje, skip
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446302814
- Sist endret





