Sales Manager
Ulstein Power & Control AS
- Frist 01.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Ulstein Power & Control AS styrker salgsteamet – bli med på laget!
Vi leitar etter ein sjølvstendig person som er god på å bygge relasjonar og skape nye moglegheiter i stilling som Sales Manager. Du vert ein del av eit dedikert salsteam med høg fagleg kompetanse og ambisjonar.
Likar du å skape resultat ilag med andre og ønsker å være ein del av eit framtidsretta selskap? Då vil vi gjerne høyre frå deg – send oss din søknad!
Kva blir dine viktigaste oppgåver?
- Drive sal og vekst – identifisere nye marknader og kundar, og aktivt skape forretningsmoglegheiter.
- Bygge sterke relasjonar – etablere og vidareutvikle samarbeid med både nye og eksisterande kundar.
- Utvikle løysingar – jobbe tett med vårt tekniske team for å utarbeide skreddarsydde løysingar som møter kundens behov.
- Sikre kvalitet, kundetilfredsheit og langsiktig verdi i alle prosjekt
- Bidra til strategi, i samarbeid med salsteamet påverke retning, prioriteringar og satsingsområde.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter ein relasjonsbyggjar med god teknisk forståing og interesse for kraft- og automasjonssystem. Du har erfaring frå elektro-, automasjons- eller salssida i den maritime bransjen. Med god forretningssans og evne til å leie salsprosessar frå første kontakt til signert avtale, kombinerer du strategisk tenking med praktisk gjennomføring. Du kommuniserer godt med både kundar og tekniske fagmiljø, og har initiativ og driv til å skape resultat.
I tillegg er du:
- Forbetringsorientert – ser moglegheiter for å optimalisere prosessar og rutinar.
- Resultatorientert – ein lagspelar som jobbar målretta for å nå felles mål.
- Strukturert, engasjert og nysgjerrig – med ein systematisk arbeidsmåte og vilje til å lære.
- Erfaring frå fiskeri- og oppdrettssegmentet – er ein fordel.
- Reisevillig og synleg i marknaden – deltek på messer, konferansar, kundemøter og andre relevante arrangement.
Kvifor Ulstein?
- Fagleg utvikling: Bli ein del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, der kunnskapsdeling og samarbeid står sentralt.
- Spennande utfordringar: Jobb med innovative og berekraftige løysingar i eit internasjonalt konsern.
- Personleg vekst: Vi vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
- Godt miljø: Mulighet til å bidra og utvikle i et miljø med takhøyde.
- Konkurransedyktige vilkår: Vi tilbyr ei attraktiv lønnspakke med gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Arbeidsstad: Ulsteinvik, med fleksibilitet til å nytte kontoret vårt i Ålesund.
FerdigheterAI-generert
- Automasjon
- Elektroindustri (bransje)
- Forretningsutvikling
- Salgserfaring
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Power & Control AS tilbyr service og ombygging av kraftpakkar og marine automasjonssystem. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.
- Sektor: Privat
- Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Annet, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: Automasjon og instrument, Elektroingeniør, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
automasjon, kraft, Power, fremdriftssystem, automasjonssystem
Annonseinformasjon
- FINN-kode 443022762
- Sist endret

