Sjukepleiar 80 % fast
Øygarden kommune
- Frist 29.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Straume bu og servicesenter, bukollektiv
Er du sjukepleiar og vil jobbe i eit triveleg og godt arbeidsmiljø med spennande oppgåver?
Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppe som saman gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar.
Senteret inneheld tre bufellesskap, ei dagavdeling og 27 omsorgsbustader. Det er no ledig 80% fast stilling som sjukepleiar i våre bukollektiv. Stillinga kan aukast til 100% med timebank.
Er du nyutdanna sjukepleiar er du velkomen til å søkje. Du vil få god opplæring.
Arbeidsoppgåver:
- Sjukepleiefaglege oppgåver
- Ivareta bebuars individuelle behov
- Du bidrar til et godt og engasjerende arbeidsmiljø
- Rettleiing av studentar, lærlingar og andre nytilsette
- Du bidrar med fagleg autoritet og varme
Kvalifikasjonar:
- Autorisert sjukepleiar
- Gode munnleg og skriftlege norskkunnskapar
- Gyldig politiattest.
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå arbeid i sjukeheim eller heimeteneste
Personlege eigenskapar:
- Du er fagleg engasjert og trygg i rolla som sjukepleiar
- Du har gode samarbeidsevner, og kan jobbe både sjølvstendig og i team
- Du er stabil, påliteleg og ansvarleg
- Du bidrar positivt, har godt humør og trivst med varierte oppgåver
- Du evner å handtere hektiske arbeidsdager når det er nødvendig
- Du er løysingsorientert og likar nye utfordringar.
- Du engasjerer deg, er positiv i møte med bebuarar og pårørande
- Egna personlegdom vert vektlagt
Anna:
- Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vi tilbyr:
- Støttande leiarskap og godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Gode bussforbindingar og gratis parkering
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt:
Avdelingsleiar Astrid Geitle tlf: 913 19 622
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
FerdigheterAI-generert
- Pleie og omsorgsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Blombakkane 3, 5354 Straume
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Eldreomsorg
Nøkkelord
sjukepleiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446250177
- Sist endret