
Sjukepleiar og vernepleiar til Psykisk helsevern
Helse Bergen HF
- Frist 08.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Karriere i Helse Bergen? Sjukepleiar og vernepleiar til Psykisk helsevern
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!
Psykiatrisk klinikk: Stillingane har 2-delt turnus og 3. kvar helg om ikkje anna er oppgitt. Kandidatar blir tilsett ved Psykiatrisk klinikk pt ved avdeling.
* Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S1/ S6
* Avdeling spesialisert psykose, Seksjon S3/ S4/ S5 - 3-delt turnus i sommarperioden
* Psykiatrisk akuttmottak, PAM 1/ PAM2 - noko 3-delt turnus og 2. kvar helg i sommarperioden
* Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS) - langvakter 12,5t og 4. kvar helg
* Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS) - søker sjukepleiar, i sommar kvar 3. helg. ellers kvar 4 helg
* Avdeling alderspsykiatri - 2. eller 3-delt turnus og 2. kvar helg i sommarperioden
* Avdeling Psykosomatisk medisin, seksjon for ECT - søker sjukepleiar på dag i 100% stilling der 60% er ved ECT og 40% er sjukepleiefaglege oppgåver på Alderspsykiatri
Kronstad DPS, Psykose døgn/ Allmenn døgn:
* 100% fast stilling der 60% av stillinga er ved Kronstad Psykose døgn og 40% av stillinga er i Bemanningssenteret
* 100% sommarvikariat ved både Psykose- og Allmenn døgn, 2-delt turnus og 3. kvar helg. Ein kan og få 3-delt turnus eller kun natt i sommarperioden. Vidare fast stilling ved avdelinga eller i Divisjon psykisk helsevern
Øyane DPS, Psykose døgn/ Allmenn døgn:
* 100% sommarvikariat ved både Psykose- og Allmenn døgn, 2/3-delt turnus og 3. kvar helg. Ein kan og få kun natt i sommarperioden. Vidare fast stilling i Divisjon psykisk helsevern
Lokal sikkerheitspost (LS): Krav om godkjend politiattest
* 100% fast stilling, 2-delt turnus og 4. kvar helg i langturnus
* 100% sommarvikariat, 2-delt turnus og 4. kvar helg i langturnus
Regional sikkerheitspost (RS): Krav om godkjend politiattest
* 100% sommarvikariat, 2-delt turnus og 3. kvar helg. Vidare fast stilling i avdelinga eller i Bemanningssenteret i føretaket
Oppgi i søknaden kva avdeling du søker.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Her kan du lese meir om Psykisk helsevern Her kan du lese meir om Bemanningssenteret i føretaket
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
- Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
- Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
- Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
Kvalifikasjonar
- Du har eller får norsk autorisasjon innan sommaren 2026
- Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
- Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid.
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Erfaring med psykisk utviklingshemmede
- Omsorgsfag
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 12
- Sted: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, vernepleier, psykiatri, DPS, sikkerhetspsykiatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446202989
- Sist endret

