28% vikariat som vaken nattevakt
Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester
- Frist 28.01.2026
- Ansettelsesform Vikariat
28% vikariat som vaken nattevakt
Bjørnafjorden kommune har over 26 000 innbyggjarar og rundt 1 800 dedikerte kommunalt tilsette. Vi er ein nær og inkluderande kommune, noko som blir spegla i vår misjon: "Det gode livet for alle." Som medarbeidar hos oss bidreg du til viktige oppgåver som gjer ein forskjell for både innbyggjarane og lokalsamfunnet. Du betyr noko og det du gjer har ein verdi!
Askviknes oppfølgingsteneste gir avlasting og tenester til brukarar i fast bustad på Askviknes, beståande av fire faste bustader og ein avlastingsbustad. Målgruppa er diagnoseuavhengig og har samansette utfordringar. Tenestene har som formål å fremja utvikling og sjølvstende i kvardagen og i eige liv. Tenestene er vedtaksbaserte og tek utgangspunkt i den enkelte behovet sitt til ei kvar tid, med hovudfokus på praktisk bistand og sosial støtte.
Vikariatet er ledig til og med 30.06.2026 med arbeid kvar 3. helg i turnus.
Funksjon og arbeidsområde
- Å arbeida som nattevakt i avdelinga krev at du er sjølvstendig og trygg.
- Arbeidstakar skal bidra til samarbeid, kulturbygging og godt arbeidsmiljø i avdelinga.
- Arbeidstakar skal setje seg inn i og følgje dei gjeldande retningslinjene for arbeidet.
- Arbeidstakar skal engasjere seg i utforming og deltek for å utvikle miljøarbeidet rundt bebuarar, og tek ansvar for å vidareformidla når behov for endring vert oppdaga.
- Vaktlengde på natt er frå kl. 22:00 til 08:00.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan helse- og omsorg er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
- Erfaring frå tilsvarande arbeid er ønskjeleg.
Personlege eigenskapar
Du har/er:
- trygg, tydeleg og ansvarsbevisst.
- gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med menneske med ulike behov.
- god evne til å skapa tillit
- sjølvstendig
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utviklingsmoglegheiter i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstige pensjonsordningar, og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Lønn etter gjeldande avtalar
- Ein kommune som jobbar aktivt for å etablera ein heiltidskultur.
- Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag med høve til å gjera ein reell forskjell.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg, Miljøtjenester
- Stillingsfunksjon: Annet, Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell
Nøkkelord
nattevakt, vaken, psykisk, helse, oppfølgingsteneste
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446079975
- Sist endret

