Miljøterapeut i Utekontakten, vikariat
Bjørnafjorden kommune Eining for barn, unge og familiar
- Frist 01.02.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Har du eit stort hjarte og engasjement for ungdom?
Har du eit stort hjarte og engasjement for ungdom?
Då er dette jobben for deg!
I tråd med nasjonale anbefalingar ser vi at oppsøkjande og ambulerande tenester opp mot den unge befolkninga er nødvendig. Vi i Bjørnafjorden kommune er heldige og har fått prosjektmidlar til oppsøkjande verksemd. No skal ein av våre miljøterapeuter ut i permisjon og vi treng ein vikar i 6 mnd (med moglegheit for forlenging) med oppstart snarast mogleg. Vi ser etter ein person som har eit stort hjarta for ungdommane våre.
Vi søker ein miljøterapeut som ynskjer å vere med på å bidra inn i eit robust og godt tilbod for ungdom i Bjørnafjorden kommune. Ein del av jobben er å finne ut av kva som rører seg i ungdomsmiljøa og tilpasse seg etter ungdommane sine behov og ønsker.
Vi har spurt fleire ungdommar i Bjørnafjorden
Dei ønskjer seg personar som er;
- tilgjengelig
- morsom
- pratsom
- fleksibel
- tolmodig
- snill
- sosial
- god på some
Til stillingen stillast det krav om:
- Minimum 3-årig relevant utdanning frå høgskule/universitet
- Erfaring med målgruppa
- Førarkort
I tillegg ønsker vi at:
- Du er god på relasjonsbygging og kontaktetablering
- Du framstår som ein trygg og vennleg person
- Du er nysgjerrig på andre, tolmodig og open for at ikkje alle tenkjer det same som deg
- Du held avtalar, tar ansvar og har gode samarbeidsevner.
- Du kan hjelpe ungdom med å få rett hjelp til rett tid
Det vil bli lagt særleg vekt på om du er personleg egna. Godkjent politiattest er påkrevd.
Arbeidstid:
Ungdommane våre ynskjer å treffe deg på ein fast plass, men også at du kan oppsøke dei og ta kontakt der dei oppheld seg.
Dei ynskjer at du er tilgjengeleg for dei der dei er og arbeid på ettermiddag, kveld og lørdager er ein del av denne jobben.
Det er då ungdommane ynskjer å sjå akkurat deg! Arbeidstid kan difor variere. Vi ynskjer sjølvstendige arbeidstakarar som kan tilpasse seg desse behova.
Vi tilbyr:
- Du får vere med på å utvikle utekontakten i Bjørnafjorden kommune
- Faglege og personlege utvikling i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Annet, Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Annet, Omsorg og sosialt arbeid, Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
miljøterapeut, ungdom, uteteam
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446052707
- Sist endret