Sommarjobb midt i fjellheimen!
Jostedalsbreen Nasjonalparksenter
- Frist 12.2.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Vi søkjer etter naturglade og engasjerte sesongmedarbeidarar for sommaren 2026 (mai-september).
Hva vi ser etter
Ønskjelege kvalifikasjonar:
-
Vere over 16 år
-
Serviceinnstilt, effektiv, positiv, arbeidsam og trivst med arbeid inne som ute
-
Evne til å arbeide sjølvstendig og på lag med andre
-
Syner fleksibilitet i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidstid
-
Gode formidlings- og kommunikasjonsevner
-
Interesse for friluftsliv og aktivitetar i naturen
-
Gode språkkunnskapar - evne til å formidle munnleg på norsk, engelsk og gjerne tysk
Arbeidsoppgaver
-
Formidling av senteret sine opplevingar og informasjon om nasjonalparken, nærområdet til senteret og destinasjonen Stryn/Nordfjord
-
Oppgåver knytta til resepsjon, kafè og butikk
-
Anna forefallande arbeid vil vere servering, rydding og reinhald
Relevant kompetanse og naturfagleg bakgrunn er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Vi har behov for medarbeidarar i perioden 1.mai-30.september.
Ver venleg og informer om kor tid i denne perioden du kan jobbe (start- og sluttdato). Arbeidstid varierar etter vaktliste og vil inkludere ettermiddag og helg.
Vi tilbyr
Vi tilbyr ein spanande og variert jobb i eit inkluderande, aktivt og triveleg miljø.
Treng du ein plass å bu? Vi hjelper deg med det!
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445772012
- Sist endret



