Psykolog eller rettleiar psykisk helse
Klepp kommune
- Frist 30.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Psykolog eller rettleiar psykisk helse
Vil du vere med og styrke arbeidet rundt barn, unge og familiar i Klepp?
Me søker ein fagleg sterk, trygg og engasjert fagperson til vårt tverrfaglege team. I denne rolla vil du bidra til at barn, unge og foreldre får rett støtte til rett tid, i tett samarbeid med barnehagar, skular og ulike kommunale tenester.
Arbeidsoppgåver
- Rettleie barn, unge og familiar
- Rettleie tilsette i barnehagar, skular og kommunale tenester i saker som gjeld barn, unge og familiar
- Bidra med faglege vurderingar knytt til psykisk helse, relasjonsarbeid og førebygging
- Kartlegging og oppfølging av barn og unge
- Samarbeide tett med føresette og relevante instansar for å sikre god oppfølging
- Delta i tverrfaglege drøftingar og bidra til fagleg utvikling internt
- Vere ein trygg fagperson som støttar arbeid med tidleg innsats og heilskaplege løysingar
Kvalifikasjonar
- Psykolog eller relevant helse- eller sosialfagleg utdanning innen psykisk helse, psykososialt arbeid eller tilsvarande
- Helst erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar
- Gode ferdigheiter i samarbeid, kommunikasjon og fagleg rettleiing
- Gode skriftlige og muntlige ferdigheter på norsk
- Førerkort klasse B
- Personlig egnethet vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
Me søker deg som:
- Kommuniserer tydeleg, varmt og fagleg trygt
- Er god på relasjonsbygging og tillitsskapande
- Trivst i tverrfagleg samarbeid
- Er strukturert, analytisk og løysingsorientert
- Bidreg til eit positivt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull stilling med stor påverknad på arbeidet rundt barn og unge i Klepp
- Eit inkluderande og fagsterkt miljø
- Moglegheit for fagleg utvikling, rettleiing og kurs
- Lønn etter gjeldande avtaleverk og gode pensjonsordningar
- Tilsetting skjer på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysningen, og de til enhver tid gjeldende lover og regler.
- Lønn etter gjeldene tariff og avtaleverk og gode forsikrings- og pensjonsordninger i KLP.
- Ulike velferdsordninger som:
- Bedriftsidrettslag
- Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider
- Bedriftskunstforening
- Ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor
- Gratis parkering
FerdigheterAI-generert
- Helsevitenskap
- Kjøre
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bedriftsvegen 4, 4353 Klepp stasjon
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Psykolog
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445098550
- Sist endret


