
Sjukepleiar/vernepleiar – faste stillingar på natt i Psykiatrisk klinikk
Helse Bergen HF
- Frist 25.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar/vernepleiar – faste stillingar på natt i Psykiatrisk klinikk
Psykiatrisk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus søker dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar til faste stillingar på natt.
Vil du vere med å gjere ein forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar? Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø, der tryggleik, kvalitet og omsorg står i sentrum.
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!
Det er ledig følgande faste stillingar i Psykiatrisk klinikk. Kandidatar vil bli tilsett i Psykiatrisk klinikk, pt ved ein av desse avdelingane:
* Avdeling stemningslidingar, Seksjon S6 har ledig 80% faste stillingar og søker sjukepleiar eller vernepleiar, pt kvar 3. helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn om å søke
* Psykiatrisk akuttmottak, PAM 1 har ledig 80-100% faste stillingar og søker sjukepleiar eller vernepleiar, pt kvar 3. helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn om å søke
* Avdeling Alderspsykiatri har ledig 65.5% fast stilling og søker sjukepleiar, pt kvar 3. helg
* Avdeling spesialisert psykosebehandling, Seksjon S5 har ledig 80% fast stilling og søker sjukepleiar eller vernepleiar, p.t kvar 3. helg. Om ein ønsker 100% stilling kan det bli vurdert
Oppgi gjerne i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
Avdeling Stemningslidingar har eit godt og kompetent arbeidsmiljø og avdelinga tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient.
Seksjon S6 er ein lukka korttidsseksjon med 12 døgnplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet.
Kontakt: Jan Legreid, Tlf. 55958762/ 95045861
Psykiatrisk akuttmottak (PAM) har flytta inn i nye, flotte lokale på Sandviken sjukehus - bli med inn og sjå
PAM1 gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. PAM sin oppgåve er mottak, kartlegging og behandling av menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Posten er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst. På sengeposten får du tildelt behandlar og miljøkontakt. Vi jobbar tverrfagleg og hos oss treff du psykologar, psykiatarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar. PAM har også knytt til seg sosionom og prest.
Kontakt: Pål Audun Hegland, Tlf. 55958510 eller Gunn Andersen, Tlf. 55958712
Avdeling Alderspsykiatri greier ut og behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er nær samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, og psykiatrisk sjukdom og biologiske, psykologiske eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, psykose, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand.
Seksjonen har ei døgneining med 12 sengeplassar. Seksjonen har i tillegg polikliniske og ambulante tenester. Seksjonen er no lokalisert i Glasblokkene på Haukeland universitetssjukehus.
Kontakt: Seksjonsleiar Cathrine Stue Børhaug, Tlf. 55974535/ 45246187
Avdeling spesialisert psykosebehandling, Seksjon S5 er ein lukka akuttpost med 12 behandlingsplassar, der 2 av sengene er intensivsenger. Vi er lokalisert i Psykiatrisk klinikk, Sandviken. S5 er ein spennande og lærerik arbeidsplass, der dei tilsette ser og oppmuntrar kvarandre. Vi er kjend for vår høge, faglege kompetanse innan psykosebehandling og for vårt gode og inkluderande arbeidsmiljø.
Vi har ledig 80% fast stilling for sjukepleiar/vernepleiar med arbeid p.t kvar 3. helg med turnus på natt. Dersom ein ønsker det, kan 100% stilling bli vurdert
Kvalifikasjonar (overskrift)
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av pasientar samt utvikling/og evaluering av sjukepleiefaglege og miljøterapeutiske tiltak, med eit fokus på å skape gode relasjonar til pasientane
- Delta i det tverrfaglege arbeidet i seksjonen
- Ansvarsvakt i seksjonen
- Gje god omsorg for pasient
- Pårørandearbeid
- Medikamenthandtering
- Pasientadministrativt arbeid
- Ta del i den til ein kvar tid oppgåver som ligg til avdelinga
- Forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Erfaring frå psykiatri er ønskeleg
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
Personlege eigenskapar
Vi ønsker medarbeidarar som:
- har respekt for den enkelte pasienten
- er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
- har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksible
- har gode kommunikasjonsevner
- har evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientar
- er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
- er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
- trivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljø
- ønsker og evner å motta rettleiing
Vi tilbyr
- Utfordringar og læresituasjonar
- Fadderordning
- Kursing i MAP - Møte med aggresjonsproblematikk
- Inkluderande arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling/tverrfagleg internundervisning
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Psykiatrisk pleie og omsorg
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, vernepleier, psykiatri, nattstilling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445097095
- Sist endret

