
Ny sengepost i Sandviken – vi søker sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar langvakt natt
Helse Bergen HF
- Frist 18.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Ny sengepost i Sandviken – vi søker sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar langvaktsturnus natt
Vil du vere med og utvikle eit nytt behandlingstilbod innan psykisk helsevern?
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen etablerer ei ny, lukka sengepost med åtte plassar i Sandviken-området. Dette er første steg i utviklinga av Nye Sandviken –eit langsiktig arbeid for å styrkje behandlingstilbodet til pasientar med alvorlege psykiske lidingar og samansette behov.
Sengeposten får ansvar for pasientar i eit sikkerheitspsykiatrisk behandlingsforløp som treng stabilisering, struktur og rehabilitering i eit trygt og spesialisert miljø. Du blir del av eit fagmiljø i utvikling, med anledning til å påverke både arbeidsformer og fagleg retning.
Vi søker no engasjerte medarbeidarar som ønsker å vere med frå starten og bidra til å utvikle eit nytt og framtidsretta behandlingstilbod. Turnus vil vere organisert i langvaktturnus for natt, med arbeid pt kvar fjerde helg.
Vi har ledige stillingar 80% på natt i langvaktturnus:
* Sjukepleiar
* Vernepleiar
* Helsefagarbeidar
Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutisk arbeid og oppfølging i postmiljø
- Teamarbeid og tverrfagleg samarbeid
- Observasjon og dokumentasjon av symptom på psykisk liding
- Ansvarsvakt og medikamenthandtering (sjukepleiar/vernepleiar)
- Bidra til å skape ei trygg og strukturert postatmosfære med omsorg, støtte og gode grenser
- Praktiske oppgåver og dagleg drift
- Aktivisering og støtte i daglege gjeremål
- Bidra til fagleg utvikling og kvalitet i pasientforløpa
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar
- Relevant erfaring med pasientgruppa
- Erfaring frå psykisk helsevern er ønskeleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
- Vandelsattest må leggast fram før tilsetting
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert, sjølvstendig og målretta
- Strukturert og pasientorientert
- Respektfull i møte med pasientar og pårørande
- God evne til å arbeide tverrfagleg og i team
- Trivst i eit aktivt og travelt miljø
- Etterspør og nyttar rettleiing
- Persoleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Å vere med og forme eit nytt behandlingstilbod frå starten
- Eit spennande og fagleg miljø der folk trivst på jobb
- Fadderordning og opplæring
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Barnehage i nærområdet, driven av Helse Bergen
- Arbeidsstad i Sandvikenområdet – Nye Sandviken
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- B2 norsk språkprøve
- Observere helsetjenestebrukere
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 8
- Sted: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sykepleier, Vernepleier, Helsefagarbeider, Sikkerhetspsykiatri, Rehabilitering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 444957765
- Sist endret
