Songpedagog i vikariat - Alver kulturskule
Alver kommune
- Frist 5.1.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Alver kulturskule har ledig 15 -18 % vikariat som songpedagog i perioden 01.01.2026 - 31.07.2026.
Stillinga har undervisning i Knarvik i kulturskulebygget i vårsemesteret 2026.
I haustsemesteret har dei fleste elevane hatt undervisning onsdagar. Undervisningstida er etter grunnskuletid. Den som får tilbod om stillinga vert tilsett i Alver kommune, med tenestestad Alver kulturskule.
Dersom det vert endring av elevgrunnlag eller personalsamansetjing ved skulen må evt. endring av undervisningsstad og stillingsinnhald kunne påreknast.
I stillinga som songpedagog har ein møter med faggruppa i song på dagtid i løpet av semesteret.
Om Alver kulturskule
Kulturskulen i Alver er ein viktig del av kulturlivet i kommunen og har eit personale med svært høg kunstfagleg og pedagogisk kompetanse. Kulturskulen har i dag om lag 750 elevplassar innan kunstformane musikk, teater, dans og visuell kunst og er ein samarbeidspart for dei ti skulekorpsa i kommunen. Undervisninga er desentralisert, men hovuddelen av undervisninga vår finn stad på Manger, Frekhaug og i Knarvik og finn stad etter grunnskulen sin undervisningsdag.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning av einskildelevar, prosjekt i grupper og samspel i tillegg til samarbeid med andre kulturskuledisiplinar og lokalt lagsliv.
- Deltaking i felles kulturskuleprosjekt med konsertar og framsyningar både lokalt og regionalt.
- Samspel!
Ønskt kompetanse
Relevant kulturfagleg og pedagogisk høgskuleutdanning med song som hovudinstrument.
Personlege eigenskapar som engasjement og initiativ, og glede i å undervise born og unge vert vektlagt.
Me har norsk som undervisningsspråk og er ein nynorskkommune.
Me tilbyr
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, undervisning og song
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning i KLP
- Eit rikt fagmiljø
- Gratis parkering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 443524667
- Sist endret

