Faste stillinger som helsefagarbeidar og assistent, dag og natt i nyoppretta burettslag
Alver kommune
- Frist 05.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Ønskjer du å arbeide i nyoppstarta bufellesskap?
Nyoppretta burettslag
Me søkjer helsefagarbeidarar, assistentar og nattevakter til eit nytt bufellesskap med planlagd oppstart mars/april 2026.
Som helsepersonell vil du vera ein viktig del av det daglege tenestetilbodet og bidra til å skapa tryggleik, struktur og gode kvardagar for tenestemottakarane.
Burettslaget skal vera heimen til 8 vaksne personar med ulike behov for bistand og oppfølging. Tenestene er individuelt tilpassa og byggjer på prinsipp om brukarmedverknad, tryggleik, respekt og verdigheit.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk bistand og oppfølging i dagleglivets gjeremål
- Delta i miljøarbeid og gjennomføring av tiltak
- Samarbeid med vernepleiarar og anna fagpersonell
- Observasjon, dokumentasjon og rapportering
Om stillingane
Me søkjer engasjerte og motiverte kollegaer som ønskjer å ta del i vår nyoppretta burettslag.
Du må trivast med å arbeida strukturert og variert, samt ha evne til å halde hovudet kaldt og vere løysingsorientert når det oppstår uforutsette situasjonar. Me søkjer deg som likar ansvar, er fagleg engasjert og tek utfordringar på strak arm. Saman har me som mål å levere gode tenester til tenestebrukerne og skape ein god arbeidsplass.
Oppstart på stillingane er er etter avtale.
Om oss
Burettslaget er lokalisert på Frekhaug. Førebels lyses det ut stillingar med ulik storleik for helsefagarbeidarar, assistentar i helgestillingar og vakne nattevakter. Det må bereknast arbeid i seinvakter og langvakter i helg. Helsefagarbeidarar og assistentar arbeider kvar fjerde helg i langvakter, medan nattevaktene arbeider kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver - Helsefagarbeidar
- Helsehjelp og praktisk bistand etter gjeldande rutiner
- Tilsyn, ledsage til aktivitetar og gjeremål
- Helse og omsorgstenester til personar med nedsett funksjonsevne.
- Dokumentere i journalsystem.
- Medikamenthandtering
- Følgje opp vedtak etter helse og omsorgslova kap.9
- Samarbeide med aktuelle samarbeidspartnarar.
Krav til stillinga vil vere:
- Offentleg godkjend helsefagarbeidar/ hjelpepleiar.
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Sertifikat klasse B.
- Det er ynskjeleg at du har erfaring frå arbeid i bufellesskap
- Politiattest må leggjast fram før tiltreding, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Personleg eignaheit vert vektlagt - me ser etter deg som er trygg, roleg og engasjert
Arbeidsoppgåver - Assistent
Arbeidsoppgåvene vil variere ut frå kompetanse og erfaring. Som assistent skal du yte praktisk bistand til tenestemottakarane, mellom anna innan personleg hygiene, på- og avkleding, måltid og andre daglege gjeremål. Du vil samarbeide tett med dyktige kollegaer og bli godt kjend med tenestemottakarar med ulike hjelpebehov. Tenestene blir gjevne i tråd med vedtak, samstundes som helsepersonell har ansvar for kontinuerleg å kartleggje endringar i funksjonsnivå og tilpasse hjelpa til den enkelte brukar sitt behov.
Krav til stillinga vil vere:
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Førarkort klasse B
- Det er ynskjeleg at du har erfaring frå arbeid i bufellesskap
Kven er du?
- Du er fleksibel og har erfaring med å stå i utfordrande situasjoner med liknande brukargruppe.
- Du er arbeidsom og har auge for å få jobben gjort og sjå kva som trengs å gjerast.
- Du har eit ønskje om å gjere ein positiv forskjell i andre sitt liv.
- Du har evne til å foreta faglige vurderinger og utvise godt skjønn.
- Du har høg etisk bevissthet og evne til kritisk refleksjon.
- Du er ikkje redd for å by på deg sjølv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til fleire!
- Årsturnus
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
- Eigen avlønning for studentar innan vernepleie, sjukepleie og medisin
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Løn i samsvar med lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar i KLP
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
FerdigheterAI-generert
- Dokumentasjon
- Dokumentering og registrering av informasjon
- Medisinsk hjelp
- Observere helsetjenestebrukere
- Pleie og omsorgsarbeid
- Rapportering
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.
Inn under habiliteringstenestene finn ein også koordinatorar for Individuell Plan.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 12
- Sted: Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442850124
- Sist endret