Vil du vere med og skape endring for andre? Då bør du lese vidare!
Nav Vindafjord-Etne
- Frist 12.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du bidra til å gjere ein forskjell i menneske sitt liv – og hjelpe fleire inn i arbeid og aktivitet?
Nav Vindafjord-Etne søkjer ein engasjert og løysingsorientert rettleiar til ein fast stilling, som vil vere med på å styrke vårt samfunnsoppdrag. I denne rolla vil du få ei sentral oppgåve med å kartleggje og avklare ressursar og moglegheiter hos arbeidssøkjarar og motivere dei vidare mot arbeid eller aktivitet. Du vil også samarbeide tett med lokalt næringsliv, kollegaer og eksterne aktørar for å finne gode og varige løysingar, og det må påreknast noko reiseverksemd i lokalområdet.
Som rettleiar hos oss får du høve til å påverke både enkeltmenneske og lokalsamfunnet – og bidra aktivt i utviklinga av NAV sine tenester saman med om lag 28 engasjerte og inkluderande medarbeidarar.
Nav Vindafjord-Etne held til på Rådhuset i Ølen, men flyttar inn i heilt nye lokale i sentrum våren 2026.
Er du den me ser etter? Send oss ein søknad der du fortel kvifor du er den rette for stillinga, og framhevar korleis du oppfyller kvalifikasjonskrava.
Arbeidsoppgaver
- Kartlegga og avklara arbeidssøkjarar sine ressursar og moglegheiter, samt motivera for arbeid eller aktivitet.
- Bistå våre arbeidssøkjarar til å sjå moglegheiter i dagens arbeidsmarknad ved å veileda, informera og saksbehandla etter gjeldande regelverk, særleg Folketrygdlova.
- Samarbeida tett med lokalt næringsliv med mål om å hjelpa arbeidssøkjar ut i ordinært arbeid.
- Samarbeida tett med kollegaer på kontoret og frå andre avdelingar i Nav, til dømes Nav marknadsavdeling, Arbeidslivssenter og andre samarbeidspartnarar i kommunane.
- Bidra aktivt i utviklinga av Nav sine tenester.
Ettersom Nav er i stadig endring og utvikling, kan andre oppgåver tilfalla stillinga.
Kvalifikasjoner
Du må ha:
- Fullført utdanning tilsvarande bachelorgrad, fortrinnsvis innan samfunnsfag, helse- og/eller sosialfag. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensera for utdanningskravet. Utenlandske utdanningsgrader må være godkjent av HK-dir eller Nokut.
- God digital kompetanse (erfaring med Microsoft Office 365).
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne med gode norskkunnskapar. Ved anna morsmål enn norsk må det dokumenterast språknivå tilsvarande C1.
- Erfaring med rettleiing og oppfølging av menneske i vanskelege livssituasjonar.
- Førarkort klasse B.
Me ønsker også at du har:
- Erfaring frå tverrfagleg arbeid.
- Erfaring med saksbehandling og bruk av lovverk.
- Erfaring med kartlegging, rettleiing og motiveringsarbeid mot arbeid og/eller utdanning.
Vitnemål og attester må lastes opp i webcruiter i løpet av rekrutteringsprosessen.
Personlige egenskaper
For oss i Nav Vindafjord-Etne er det viktig at medarbeidarane våre opplever meistring og trivst med arbeidsoppgåvene over tid. Difor legg me stor vekt på personlege eigenskapar som me ser at er viktige i rolla. Særleg desse eigenskapane vil bli vektlagt sterkt:
- Nettverksbyggande: I rolla di som rettleiar vil du kommunisere og samhandle med menneske i ulike situasjonar. Du vil samarbeide med kollegaer, arbeidsgivarar og andre aktørar både internt og eksternt i Nav. Difor er det viktig at du har evna til å kommunisere godt og tydeleg med menneske både i og utanfor organisasjonen. For deg er det naturleg å oppsøkje andre for å utvikle nye relasjonar og samstundes ta vare på eksisterande relasjonar til næringsliv og arbeidsgivarar.
- Samarbeider godt med andre: Du er ein lagspelar som bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø. Du deler kunnskap, lyttar aktivt og samarbeider konstruktivt med kollegaer, samarbeidspartnarar og dei du følgjer opp, for å nå felles mål.
- Motstandsdyktig: Å arbeide med menneske i utfordrande situasjonar over tid kan vere krevjande. Difor er det viktig at du òg klarer å sjå moglegheiter, er positiv og har pågangsmot, også i slike situasjonar.
- Initiativrik: Du set i gang arbeid og er handlingsorientert, samstundes som du tek sjølvstendige avgjerder.
- Problemløysar: Du finn løysingar, tek raskt til deg ny kunnskap, og er i stand til å bruke eksisterande kunnskap på nye måtar.
Vi tilbyr
- Spanande, meiningsfylte og varierte arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, til dømes gjennom videreutdanning i kollegaveiledning eller forvaltningsrett.
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstidsordning og moglegheit for å bruke éin time per veke i arbeidstida til fysisk aktivitet.
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar gjennom Statens Pensjonskasse (SPK).
- Me tilbyr fast stilling som veileder i stillingskode 1434 Rådgiver, med årslønn fra kr. 600.000-660.000.
Kontaktinformasjon
Kristin Tofte, Nav-leder, 412 37 114Arbeidssted
Rådhusplassen 15580 Ølen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5055060268
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 443506145
- Sist endret
