Ordrekoordinator - Plateavdeling
Nomek As
- Frist 15.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Du treng ikkje vite alt frå fyrste dag, men det er ein fordel om du kjenner deg igjen i mykje av dette.
Vi håpar du har, men har trua på at alt kan lærast:
-
Teknisk bakgrunn, gjerne med erfaring frå produksjonsmiljø.
-
Gode IT-kunnskapar og interesse for system og struktur (eller motivert til å lære det).
-
Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
Og eit pluss om du er:
-
Ryddig og nøyaktig -- du likar orden og har kontroll på detaljane.
-
God til å handtere fleire oppgåver samtidig -- utan å miste oversikta.
-
God økonomisk forståing -- gode kremmareigenskapar.
-
Serviceinnstilt og løysingsorientert -- og lett å samarbeide med i kvardagen.
Arbeidsoppgaver
Når ein ordre blir riktig frå start, sparer det både tid, pengar og frustrasjon. Du vil vere bindeleddet mellom kundar, sal og produksjon i plateavdelinga vår.
Dette er ikkje ei passiv kontorrolle. Du har tett dialog med kundar og kollegaer, jobbar i systema våre -- og sørgjer for at ordrar, prisar og leveransar heng saman i praksis.
Oppgåvene dine vil omfatte:
-
Registrere og følgje opp ordrar frå start til levering
-
Ha dialog med kundar og bidra til god planlegging
-
Støtte seljarane med tilbod, prising og fakturering
-
Definere produkt og registrere desse i ordresystem
Vi tilbyr
Hjå oss får du ei viktig rolle i kvardagen -- der jobben du gjer faktisk har noko å seie for kundar, sal og produksjon. Du blir ein del av eit arbeidsmiljø der folk ser kvarandre, hjelper kvarandre og jobbar tett saman på tvers av avdelingar.
Vi er ei etablert verksemd som aldri står stille, og du får varierte arbeidsoppgåver, utfordringar du veks med og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Her får du ordna forhold, konkurransedyktige vilkår -- og ikkje minst del av eit godt fellesskap.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442982998
- Sist endret
