Frydenbø Bil Stryn søkjer servicemedarbeidar
Frydenbø ASV AS
- Frist 25.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Frydenbø Bil Stryn søkjer servicemedarbeidar
Er du lidenskapeleg oppteken av kundeservice, og trivst med å jobbe sjølvstendig og strukturert? Då kan du vere den rette for oss! Vi søker ein engasjert og bilinteressert servicemedarbeidar til servicemarknadsavdelinga vår i Stryn.
Frydenbø Bil i Stryn er ein fullskala Volkswagen-forhandlar, i tillegg til merkeverkstad for Audi og Škoda. Vi har med andre ord produkt i verdsklasse, men sjølv desse bilane treng service, vedlikehald og reparasjonar.
Du får eit framtidsretta arbeidsmiljø med topp moderne utstyr, gode fasilitetar og gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling. Du vil få grundig opplæring i dei arbeidsoppgåvene som høyrer stillinga til.
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde:
Sal av verkstadtenester og delar til kundane våre via telefon, nett og ved personleg besøk i butikken vår
Delaktig i lagerstyring og logistikk av delar
Delaktig i styring og fordeling av arbeid til våre servicemekanikarar
Ivareta kundane våre på ein profesjonell og tillitsvekkande måte
Kundeoppfølging, i tillegg til oppfølging av CRM-program for service og vedlikehald
Rapportering og fakturering
Vi ser etter ein person som:
Er strukturert, engasjert og sjølvstendig
Kan kommunisere med folk, både ansikt-til-ansikt og via telefon
Synest det er gøy når det skjer mykje, og evnar å jobba med fleire oppgåver samstundes
Har stort kundefokus og likar å jobbe for at kundane skal få den gode kundeopplevinga
Har god kunnskap om bil
Er omgjengeleg og serviceinnstilt
Erfaring med digitale arbeidsverktøy
Evnar å stå på og har gode haldningar, og viser høg grad av fleksibilitet
Fordelar ved å jobbe hos oss:
Varierte og interessante oppgåver i eit uformelt og livleg arbeidsmiljø
Høve til personleg og profesjonell utvikling i eit fleirfagleg miljø
Delta i veksten og utviklinga av eit selskap som verdset innovasjon
Konkurransedyktige lønnsvilkår og solid eigarstruktur
Gode forsikringsordningar, inkludert helseforsikring
Støtte til trening
Attraktive rabattar på bil- og båtkjøp gjennom eigarkonsernet vårt
Tilgang til leilegheiter/hytter på Geilo, Maurseth og Mallorca
I Frydenbø Bil Stryn får du ikkje berre ein solid arbeidsplass, men òg tilgang til eit område kjent for vakker natur og gode moglegheiter for friluftsliv gjennom heile året. Her ligg alt til rette for ein balansert kvardag med høg livskvalitet. Velkommen til Frydenbø Bil og Stryn!
Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon om stillinga, ta kontakt med servicemarknadssjef Reidar Hunvik på e-post: reidar.hunvik@moller.no eller tlf: 99 20 50 22.
Søknadsfrist: 25.12.2025
FerdigheterAI-generert
- Administrere inventar
- Digitale ferdigheter
- ERP (CRM)
- Fakturering
- Logistikk
- Proaktiv i forhold til å selge egne tjenester
- Rapportering
- Selge bildeler
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Samlet sysselsetter Frydenbø-gruppen ca. 1000 ansatte og omsatte i 2024 for NOK 5 mrd. Frydenbø har sitt hovedkontor på Damsgård i Bergen. Frydenbøs kjerneverdier: entusiastisk, ærlig og ansvarlig. Visjon: "Skape verdier gjennom kvalitet og service i verdensklasse".
Frydenbø Bil er et av Vestlandets raskest voksende konsern og forhandler av Volvo, Polestar, Zeekr, Audi, Skoda og Volkswagen. Konsernet hadde en omsetning på 4,23 milliarder kroner i 2024, med 9 090 solgte biler og 423 ansatte.
I 2022 kjøpte Frydenbø Bil Berge & Co, og i 2023 overtok vi Møller Bil Ålesund og Molde. I dag har vi bilforretninger i Mandal, Kristiansand, Bergen, Førde, Sogndal, Sandane, Stryn, Ørsta, Ålesund og Molde, samt merkeverksted i Måløy og Høyland.
- Sektor: Privat
- Sted: 6783 Stryn
- Bransje: Bil- og bildelproduksjon, Bil, kjøretøy og verksted, Drift og vedlikeholdstjenester
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Kundeservice, Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kundeservice, audi, volkswagen, skoda, servicemedarbeider
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 437121469
- Sist endret

