Sjukepleiar eller vernepleiar. 80% fast stilling på natt, p.t. langvakter kvar 4. helg
Psykiatrisk klinikk/ Kompleks rehabilitering Sandviken (KRS), Helse Bergen HF
- Frist 11.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli ein del av eit engasjert og tverrfagleg team i ei spennande avdeling med viktige oppgåver?
Kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) har ledig 80% nattstilling for autorisert sjukepleiar eller vernepleiar. Stillinga er med langvakter 12,25 timer, med arbeid kvar 4. helg.
KRS er ein lukka seksjon med åtte døgnplassar, organisert under Avdeling for spesialisert psykosebehandling (ASP) ved Psykiatrisk klinikk. Seksjonen gir eit behandlingstilbod til to ulike pasientgrupper:
- Seks plassar er for personar med psykoselidingar kombinert med utfordringar som rusmiddelbruk eller personlegdomsforstyrringar.
- To plassar er for personar med psykose i kombinasjon med psykisk utviklingshemming eller utviklingsforstyrringar.
Arbeidet i seksjonen er tverrfagleg, og teamet består mellom anna av psykiater, psykolog, sosionom, sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar. Vi har eit sterkt fokus på relasjonsbygging og trygg overgang til bustad, i tett samarbeid med innsøkande instansar og kommunale tenester.
Miljøterapien vår omfattar:
- Systematisk kartlegging og utvikling av ADL-ferdigheiter (aktivitetar i dagleglivet)
- Stimulering av interesser og bruk av sanserom for kjensleregulering
- Musikkterapi som ein del av behandlingstilbodet, for å støtte kjensleuttrykk, styrkje sjølvkjensle og fremje meistring i kvardagen
- Vi legg òg stor vekt på fysisk helse. Seksjonen har tilgang til fysioterapeut og gode treningsfasilitetar, inkludert gymsal, treningsrom og treningspoliklinikk. Dette gir eit heilskapleg rehabiliteringstilbod der både psykisk og fysisk helse står sentralt.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
- Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
- Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten, med fokus på søvnhygiene
- Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
- Ansvarsvakt
- Medisinansvar
Kvalifikasjonar
- Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ønskjeleg
- Ha grunnleggande IKT-kompetanse
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Personlege eigenskapar
- Er opptatt av at pasientane skal få god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
- Har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
- Arbeider strukturert, effektivt og målretta
- Må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Kommuniserer og samarbeidar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Er tilpassingsdyktig og taklar stressande situasjonar
- Har ønske og evne å motta rettleiing
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Fagutvikling og internundervising
- Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Opplæring i MAP
- Kompetente medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Susanne Karlsen, Seksjonsleiar, 55958630, susanne.karlsen@helse-bergen.noSilje Madeleine Mihle Hop, Seksjonsleiar, 55958878, silje.madeleine.mihle.hop@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Hatleveien 7D5038 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5055556876
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 02.03.2026
Søknadsfrist: 11.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442900129
- Sist endret

