LIS3 nevrologi
Nevro legar, Helse Førde
- Frist 1.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering (ANRR) ved Førde sentralsjukehus søkjer LIS3:
- Fast stilling i nevrologi frå 30.03.2026
- Vikariat i nevrologi i perioden 01.06.2026 - 11.10.2026.
Seksjonen Nevro legar er ein del av Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR).
Hovudoppgåva er å yte spesialisthelseteneste til pasientar med nevrologiske sjukdomar. Vi har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi, EEG-laboratorium og fagsjukepleiarar innan epilepsi, parkinson, slag, hjernekreft og MS.
Nevrologisk avdeling i Helse Førde har fagavtale med nevrologisk- og nevrokirurgisk avdeling ved Haukeland Universitetssykehus for delar av spesialiseringsforløpet.
Sjå elles utdanningsplan for LIS3 i Nevrologi i Helse Førde på https://www.helse-forde.no/utdanning-og-kompetanse/lege-i-spesialisering-del-2-3/nevrologi/
Helse Førde er inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid. Vi har ny og moderne sengepost med einerom til alle våre pasientar og gode arbeidsforhold for våre tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av tenestene samt organiseringa av desse.
Vi legg stor vekt på godt arbeidsmiljø og samarbeid på tvers av faggrupper og avdelingar. Alle LIS i Helse Førde har tilbud om gruppeveiledning på tvers av avdelingar.
Vi ser fram til å motta søknad frå deg.
Arbeidsoppgåver
- LIS3 følgjer i utgangspunktet 7-delt vaktplan, med fri i vaktplan kvar 7. veke. Tilstadesvakt.
- Diagnostisering og behandling av pasientar med nevrologiske tilstandar både i akutt- og elektiv verksemd
- Tverrfagleg samarbeid med andre einingar og faggrupper
- Bidra til fagleg utvikling og undervisning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Fullført LIS1 er ønskeleg, men ikkje eit absolutt krav.
- Relevant sjukehuserfaring og kjennskap til DIPS og MEONA er ønskjeleg
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
- Motivert, lærevillig og interessert i fagfeltet
- Bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø
- Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvilleg og initiativrik
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Rekrutteringstillegg kr 25.000,-
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elin Seim, Seksjonsleiar, (+47) 476 20 880Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5055641488
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 30.03.2026
Søknadsfrist: 01.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442881958
- Sist endret
