Er du lege som ikkje har fått turnusplass?
Medisinsk og ortopedisk seksjon Lærdal, Helse Førde
- Frist 5.1.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Lærdal sjukehus har i perioden 16.02.2026 til 28.06.2026 behov for legevikar (cand.med.) på Medisinsk- og ortopedisk seksjon.
Vi søkjer deg som tar ansvar, har pasienten i fokus og samarbeider godt med andre. Vi kan tilby deg varierte medisinsfaglege utfordringar og eit godt arbeidsmiljø.
Lærdal sjukehus er ein del av Helse Førde HF.
Du vil få oppgåver knytt til sengepost, poliklinikk, visittgang og vaktarbeid på Medisinsk- og Ortopedisk seksjon. Du vil på vakt også ha ansvar for skadepoliklinikken. På alle vakter har du erfarne overlegar på bakvakt. Skadepoliklinikken har 24-timars døgnberedskap og handterar dei fleste mindre skader og brot.
Lærdal er ein kommune og eit dalføre i Vestland som strekker seg frå Sognefjord i vest til fylksegrensa på Filefjell og Hemsedalsfjell i aust. Lærdal ligg innst i Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er fantastisk natur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter.
Arbeidskontrakt kan bli forlenga ved behov.
Arbeidsoppgåver
- Varierte oppgåver knytt til mottak av pasientar, akutt og planlagd innlegging, oppfølging og utskriving av pasientar på sengepost og poliklinikk
- Stillinga inngår i tredelt plan med arbeid på dag/kveld/natt og arbeid 3. kvar helg.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege med full rekvisjonsrett - Cand.med.
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Gode IKT kunnskapar
- Kjennskap til DIPS Arena og Meona er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og vere fleksibel
- Tåle tidvis høgt tempo
- Ha pasienten i fokus
Vi tilbyr
- Utviklande arbeid
- Godt arbeidsmiljø
- Hjelp med å skaffe bustad
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Personalhytte på Filefjell
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hrafnhildur Yr Elvarsdottir, Seksjonsleiar Medisinsk - og Ortopedisk seksjon LSH, (+47) 415 30 456Arbeidssted
Sjukehusvegen 96887 LÆRDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5055972152
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442562923
- Sist endret
